Sakarja 1 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Vend om til meg!

1I den åttande månaden i det andre styringsåret åt Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, som var son til Iddo, og det lydde så:

8Eg hadde eit syn i natt. Eg såg ein mann som reid på ein raud hest. Han stogga mellom myrtetrea i dalbotnen, og attanfor han stod raude, raudbrune og kvite hestar.

9Eg spurde: «Kva tyder dette, herre?» Engelen som tala med meg, svara: «Eg skal syna deg kva det tyder.»

Så seier Herren, Allhærs Gud:

Eg er full av brennhug

for Jerusalem og Sion,

15og stor er harmen min

mot dei trygge heidningfolka;

for då eg berre var litegrann harm,

gjorde dei ulukka større.

16Difor seier Herren:

Med miskunn kjem eg att til Jerusalem.

Der skal huset mitt byggjast,

lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,

og mælesnor skal strekkjast over Jerusalem.

17Rop ut på nytt og sei:

Så seier Herren, Allhærs Gud:

Atter ein gong skal byane mine

fløyma over av det som godt er.

Atter skal Herren ha medkjensle med Sion,

endå ein gong velja ut Jerusalem.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help