1Men Jakob vart buande i Kanaan, det landet far hans hadde halde til i.
25Så sette dei seg ned og ville eta. Men då dei såg opp, fekk dei auga på ein karavane med ismaelittar, som kom frå Gilead. Dei førte gummi, balsam og harpiks med seg på kamelane sine og var på veg til Egypt.
26Då sa Juda til brørne sine: «Kva gagn er det i at vi slår bror vår i hel og døl drapet?
27Kom, lat oss selja han til ismaelittane og ikkje leggja hand på han! Han er då bror vår, av same kjøt og blod som vi.» Og brørne hans lydde han.
28Nokre kjøpmenn frå Midjan kom framom, og dei drog Josef opp or brunnen. Så selde dei han til ismaelittane for tjue sekel sølv; og dei tok han med seg til Egypt.
29Då Ruben kom attende til brunnen og fekk sjå at Josef ikkje var der, reiv han sund kleda sine.
30Han gjekk attende til brørne og sa: «Guten er der ikkje! Kvar skal eg no gjera av meg?»
31Så slakta dei ein bukk, tok kjortelen åt Josef og duppa han i blodet.
32Og dei sende kjortelen med dei lange ermane heim til far sin og sa: «Denne har vi funne. Sjå etter om det ikkje er kjortelen åt son din!»
33Då han hadde sett etter, sa han: «Det er kjortelen åt son min. Eit udyr har ete han opp. Josef er ihelriven!»
34Og Jakob reiv sund kleda sine, batt syrgjeplagg kring hoftene og syrgde over son sin i lange tider.
35Alle sønene og døtrene kom og ville trøysta han. Men han var ikkje til å trøysta. «Med sorg lyt eg fara ned til son min i dødsriket,» sa han. Og faren gret over son sin.
36Men midjanittane selde Josef i Egypt, til Potifar, som var hoffmann hjå farao og hovding over livvakta.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.