1. Korintar 12 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Nådegåvene

1Når det gjeld Andens gåver, brør, vil eg ikkje at de skal vera utan kunnskap om dei.

2De veit at då de var heidningar, vart de dregne til dei mållause avgudane og førte hit og dit.

4Det er skil på nådegåver, men Anden er den same.

12For liksom lekamen er éin, endå han har mange lemer, og alle lemene er ein lekam, endå dei er mange, såleis er det med Kristus òg.

27Men de er Kristi lekam, og kvar av dykk ein lem på han. Rom 12,5; 1 Kor 6,15; Ef 5,30

28I kyrkja har Gud for det fyrste sett nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar, så mektige gjerningar, nådegåver til å lækja, hjelpetenester, styringsoppgåver, tungetale av ulikt slag. 12,4; Ef 4,11f

29Er vel alle apostlar? Er alle profetar? Er alle lærarar? Gjer alle mektige gjerningar?

30Har alle nådegåve til å lækja? Talar alle i tunger? Kan alle tyda tungetalen?

31Men streva etter dei største nådegåvene!

Kristen kjærleik

Og eg skal visa dykk den beste vegen:

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help