1Herren sa til Moses:
2«Alt fyrstefødt skal du helga åt meg. Alt som kjem fyrst frå mors liv i Israel, anten det er folk eller fe, høyrer meg til.»
3Og Moses sa til folket: Kom i hug denne dagen då de slapp ut or Egypt, or trælehuset! For med sterk hand leidde Herren dykk ut. Då skal de ikkje eta noko med surdeig i.
4I dag tek de ut, i abib månad.
14Og når son din sidan spør deg kva dette tyder, skal du svara: «Med sterk hand førte Herren oss ut or Egypt, or trælehuset.
15Då farao gjorde seg hard og ikkje ville la oss fara, slo Herren i hel alt fyrstefødt i Egypt, både av folk og fe. Difor ofrar eg til Herren alle hanndyr som kjem fyrst frå mors liv, men kvar fyrstefødd son løyser eg. Utferda
17Då farao hadde gjeve folket lov til å fara, førte Gud dei ikkje den vegen som går til Filistarlandet, endå det var den næraste. For han tenkte dei kunne koma til å angra seg når dei møtte ufred, og fara attende til Egypt.
18Men han laga det så at dei gjorde ein omveg og gjekk gjennom øydemarka mot Sevsjøen.
Så fór israelittane stridsbudde ut or Egypt.
19Og Moses tok beina av Josef med seg. For Josef hadde teke ein eid av israelittane og sagt: «Når Gud gjestar dykk, skal de føra beina mine med dykk herifrå.» 40,36ff; 4 Mos 9,15ff; 14,14; 5 Mos 1,33; Neh 9,12; Sal 78,14; 105,39
22Skystolpen kvarv ikkje frå folket om dagen, og eldstolpen ikkje om natta.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.