Hosea 12 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herren vil straffa Jakob for hans ferd

1Efraim omringar meg med lygn,

Israels ætt med svik.

Juda held ikkje fast ved Gud,

han som er heilag og trufast.

2Efraim trår etter vind,

jagar heile dagen etter austavind.

Dei hopar opp lygn og vald.

Dei gjer pakt med Assur

og fører olje til Egypt.

3Herren fører sak med Juda,

han vil straffa Jakob for hans ferd,

gje han att for det han har gjort.

4I mors liv heldt han bror sin i hælen,

i sin manndom stridde han med Gud,

5han stridde med engelen og vann.

Han gret og bad om nåde.

I Betel møtte han Gud

– der talar han med oss.

6Herren, Allhærs Gud,

Herren er hans namn.

7Men du skal venda om til din Gud.

Hald fast på truskap og rett,

set alltid di von til din Gud!

8Kræmarfolket har falske vekter i handa,

det likar å gjera urett.

9Efraim seier:

«Eg har då vorte rik,

eg har fått meg eigedom!

Med alt mitt strev har eg ikkje vorte skuldig

i noko som er synd.»

10Eg er Herren din Gud,

heilt frå du var i Egypt.

Enno vil eg la deg bu i telt

som den gongen eg møtte deg.

11Eg tala til profetane.

Eg lét dei få syner i mengd

og tala i likningar gjennom dei.

12Er Gilead fullt av misgjerning,

så skal dei verta til inkjes.

Ofrar dei oksar i Gilgal,

skal deira altar verta som steinrøysar

langsmed åkerfòrene.

13Jakob rømde til Aram-landet,

Israel tente for ei kone,

for å få seg ei kone gjætte han.

14Ved ein profet førte Herren

Israel opp frå Egypt,

og ved ein profet vakta han dei.

15Beisk harme har Efraim vekt.

Herren skal la hans blodskuld

koma over han sjølv

og gje han att for hans spott.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help