Esekiel 20 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Guds lovnader og Israels ulydnad

1I det sjuande året, den tiande dagen i den femte månaden, kom nokre av dei eldste i Israel og ville spørja Herren til råds; dei sette seg framfor meg.

2Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

3Menneske, tal til Israels eldste og sei til dei: Så seier Herren Gud: Kjem de hit og vil spørja meg til råds? Så sant eg lever, eg lèt ikkje dykk spørja meg, lyder ordet frå Herren Gud.

4Vil du døma dei, menneske? Ja, vil du døma, så lat dei få vita om all den styggedomen fedrane deira har gjort.

8Men dei var trassige mot meg og ville ikkje høyra på meg. Dei kasta ikkje bort all den styggedomen som augo deira hang ved, og vende seg ikkje bort frå avgudane i Egypt. Då sa eg at eg ville la min harme gå ut over dei og stilla min vreide på dei der i Egypt.

9Eg gjorde det for mitt namn skuld, så det ikkje skulle verta vanæra for augo på dei folka som dei levde imellom. Dei hadde då vore vitne til at eg gav meg til kjenne for dei då eg lova å føra dei ut or Egypt.

10Så lét eg dei fara frå Egypt og førte dei ut i øydemarka.

13Men Israels-ætta var trassig mot meg i øydemarka. Dei fylgde ikkje mine føreskrifter og vanvørde mine lover – endå det mennesket som held dei, får leva; og atter og atter vanhelga dei kviledagane mine. Då sa eg at eg ville la min harme gå ut over dei i øydemarka og gjera ende på dei.

27Difor, menneske, skal du tala til Israels-ætta og seia til dei: Så seier Herren Gud: Fedrane dykkar spotta meg, trulause som dei var mot meg.

28Eg førte dei likevel inn i det landet som eg med lyft hand hadde lova å gje dei. Men så snart dei såg ein høg haug eller eit lauvrikt tre, ofra dei sine slaktoffer der og bar fram sine gåver, som vekte min harme. Dit kom dei med offer som anga godt, og der rende dei ut sine drikkoffer. Herren skal døma og reinsa Israel

32Det skal aldri henda, det som leikar i hugen dykkar, når de seier: «Vi vil vera som andre folk, som ættene rundt ikring i landa, og dyrka stokk og stein.»

33Så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg vil rå over dykk med sterk hand og strak arm og såleis at min harme får fritt løp.

34Eg vil føra dykk bort frå folka og samla dykk frå landa der de er spreidde. Det vil eg gjera med sterk hand og strak arm og såleis at min harme får fritt løp.

35Så fører eg dykk til folkeøydemarka, og der vil eg halda dom over dykk, andlet til andlet.

36Liksom eg heldt dom over fedrane dykkar i øydemarka ved Egypt, såleis vil eg halda dom over dykk, lyder ordet frå Herren Gud.

47Sei til skogen i sør: Høyr Herrens ord! Så seier Herren Gud: Eg set eld på deg, og han skal svi av kvart tre i deg, både dei friske og dei turre. Den logande elden skal ikkje slokna, men skambrenna kvart andlet frå sør til nord. Jer 17,27; Esek 21,3.4

48Alle menneske skal sjå at det er eg, Herren, som har kveikt elden, og han skal ikkje slokna.

49Då sa eg: Å, Herre Gud! Dei seier om meg: «Han talar då alltid i likningar!»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help