Matteus 27 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Rådet sender Jesus til Pilatus(Mark 15,1; Luk 23,1)

1Då det vart morgon, møttest alle overprestane og dei eldste i folket og samdest om at Jesus laut døy.

2Dei batt han, førte han bort og gav han over til landshovdingen Pilatus.Judas angrar og tek livet sitt(Apg 1,18–19)

3Då Judas, svikaren, såg at dei hadde dømt Jesus, angra han og bar dei tretti sølvpengane attende til overprestane og dei eldste

Dei tok dei tretti sølvpengane,

det som han var verdsett til,

han som israelittane lét verdsetja,

10og gav dei for Krusmakaråkeren,

så som Herren baud meg.

Jesus for Pilatus(Mark 15,2–15; Luk 23,1–5.13–25; Joh 18,33–40; 19,6–16)

11Så vart Jesus ført fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Det er dine ord,» svara Jesus.

12Men då overprestane og dei eldste kom med klagemåla sine mot han, svara han ikkje.

26Då gav han dei Barabbas fri, men han lét Jesus verta piska og gav han over til krossfesting.

Soldatane spottar Jesus(Mark 15,16–20; Joh 19,2–3)

27Soldatane til landshovdingen tok no Jesus med seg inn i borga og samla heile vaktstyrken ikring han.

28Dei kledde av han og hengde på han ei skarlaksraud soldatkappe,

35Så krossfeste dei han. Og dei kasta lodd om kleda hans og delte dei mellom seg.

55Det var òg mange kvinner der; dei stod langt unna og såg på. Dei hadde fylgt Jesus frå Galilea og tent han. Jesus vert gravlagd(Mark 15,42–47; Luk 23,50–56; Joh 19,38–42)

57Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef og var frå Arimatea. Han hadde vorte ein Jesu læresvein.

58Han gjekk til Pilatus og bad om å få lekamen åt Jesus, og Pilatus baud at han skulle få han.

59Då tok Josef lekamen, sveipte han i eit reint linklede

60og la han i den nye grava som han hadde hogge ut til seg i bergveggen. Så velte han ein stor stein attfor inngangen og gjekk. Vakt ved grava

62Neste dagen, den som kjem etter helgaftan, gjekk overprestane og farisearane saman til Pilatus

63og sa: «Herre, vi har kome til å tenkja på det som denne forføraren sa medan han levde: Tre dagar etter står eg opp att. 16,21+

64Gjev no påbod om at det skal haldast vakt ved grava til tredje dagen er over. Elles kunne læresveinane hans koma og stela han og seia til folket at han har stått opp frå dei døde. Då vert den siste villfaringa verre enn den fyrste.»

65Pilatus svara: «Her har de vaktmannskap. Gå bort og syt for vakthald som de finn det best.»

66Då gjekk dei og sikra grava, både med vakt og med segl på steinen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help