1Så kom då kongen og Haman til gjestebodet hjå dronning Ester.
2Denne gongen òg sa kongen til Ester medan dei sat og drakk vin: «Er det noko du vil be om, dronning Ester, skal det gjevast deg. Er det noko du ynskjer, skal du få det, om det så er halve kongeriket.»
9Og Harbona, ein av dei hoffmennene som då gjorde teneste hjå kongen, sa: «Sjå, attmed huset til Haman står det ein galge som er femti alner høg. Den har Haman fått laga til Mordekai, han som gjorde kongen så stor ei teneste.» Då sa kongen: «Heng han i den!» 2,22; 5,14
10Så hengde dei Haman i den galgen som han hadde reist for Mordekai. Og harmen rann av kongen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.