1Salomos høgsong.
Lengt etter kjærleik2Gjev han ville kyssa meg
med kyss av sin munn!
Din kjærleik er betre enn vin.
3Ljuvleg er dåmen av dine salvar;
ein angande salve er ditt namn,
difor held møyane av deg.
4Ta meg med! Kom, lat oss springa!
Kongen har ført meg inn i sin kove.
Vi vil fegnast og gleda oss over deg
og prisa din kjærleik meir enn vin.
Hugheilt elskar dei deg. Svart, men ven
5Svart er eg, men ven,
de Jerusalems møyar,
som Kedars tjeldbuer,
som Salomos tjelddukar.
6Sjå ikkje på at eg er så svart,
at sola har brent meg.
Sønene åt mor mi harmast på meg,
dei sette meg til å vakta vingardane.
Min eigen vingard har eg ikkje vakta. Kvar gjæter du di hjord?
7«Sei meg, du som eg har så kjær,
kvar gjæter du di hjord?
Kvar lèt du henne kvila ved middagstid?
Kvi skal eg gå som ei kvinne med slør
der venene dine gjæter si hjord?»
8«Veit du det ikkje,
du fagraste av kvinner,
så fylg berre faret etter flokken,
og lat dine kje få beita
innmed hyrdingbuene!»
Kor fager du er, min hugnad!9«Med folane for faraos vogner
vil eg likna deg, min hugnad.
10Vene er dine kinn, prydde med band,
og din hals med perler.
11Lekkjer av gull skal vi laga deg
og med sølvperler på.»
12Ljuvleg angar min nardussalve
så lenge kongen er med i laget.
13Min ven er lik myrrabunten
som kviler ved min barm.
14Min ven er som ein blømande kvist
på hennabusken i En-Gedis hagar.
15«Kor fager du er, min ven,
ja, fager med augo som duer!»
16«Kor fager du er, min ven,
kor yndefull du er!
Og vårt lægje er grornæmt og grønt.
17Sedrar er bjelkar i vårt hus,
sypressar er tak og himling.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.