1. Mosebok 12 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Gud kallar og velsignar Abram

1Herren sa til Abram: «Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt, til det landet som eg vil syna deg!

3Eg vil velsigna dei som velsignar deg,

og forbanna den som forbannar deg.

I deg skal alle ætter på jorda velsignast.»

4Så tok Abram ut, som Herren hadde sagt, og Lot var med han. Abram var 75 år gamal då han flytte frå Karan.

5Han tok med seg Sarai, kona si, og Lot, brorson sin, og alt godset dei hadde samla, og det tenestfolket dei hadde fått seg i Karan. Dei tok ut og ville fara til Kanaan.

Då dei kom til Kanaan,

6fór Abram fram gjennom landet heilt til helgstaden Sikem, til More-eika. Kanaanearane budde den gongen i landet.

7Då synte Herren seg for Abram og sa: «Di ætt vil eg gje dette landet.» Og der bygde Abram eit altar for Herren, som hadde synt seg for han. Abram og Sarai i Egypt

10Så vart det uår i landet. Då fór Abram ned til Egypt og ville halda til der; for nauda var stor i landet.

14Då så Abram kom fram til Egypt, såg egyptarane at kvinna var ovfager.

15Og då stormennene åt farao fekk sjå henne, rosa dei henne for han. Så vart ho henta til huset åt farao.

16Og farao gjorde vel imot Abram for hennar skuld. Han fekk småfe, storfe og esel, trælar og trælkvinner, eselhopper og kamelar.

17Men Herren slo farao og huset hans med svære plager på grunn av Sarai, kona hans Abram.

18Då kalla farao Abram til seg og sa: «Kva er det du har gjort imot meg? Kvifor lét du meg ikkje vita at ho er kona di?

19Kvifor sa du at ho er syster di, så eg tok henne til kone? Sjå, her har du kona di! Ta henne og far din veg!»

20Og farao sette nokre menn til å fylgja han på vegen med kona hans og alt det han åtte.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help