1Då tok Job til ords og sa:
2Kor godt du har hjelpt ein kraftlaus mann
og støtta ein arm som ikkje har styrke!
3Du gav råd til den som vanta visdom,
og stort skjøn lét du han få.
4Kven hjelpte deg til å finna ord,
kven kjem ho ifrå,
den ånda som går ut frå deg?
5Daudingane skjelv av angst der nede,
vatnet og alt som held til i det.
6Dødsriket ligg ope for Gud,
undergangsstaden er ikkje løynd for han.
7Han har breitt nordhimmelen ut over audna,
hengt jorda opp over det tome rom.
8Vatnet sveiper han i skyer,
og skylaget brest ikkje under det.
9Han stengjer, så ingen ser hans kongsstol
når han breier sine skyer ut under den.
10Han har drege opp himmelranda over havet,
der grensa går mellom ljos og mørker.
11Søylene under himmelen skjelv,
lamslegne er dei når han trugar.
12Han rørte opp havet med si kraft
og knuste Rahab i sin klokskap.
13Når han lèt det blåsa, klårnar himmelen.
Med si hand har han gjennombora
ormen som rømer så raskt.
14Sjå, dette er berre randa av hans verk;
det er som å høyra ei kviskring.
Kven kan då skjøna den tora
som lyder når han gjer storverk?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.