1Jesus kalla saman dei tolv og gav dei makt og velde over alle vonde ånder og til å lækja sjukdomar.
2Så sende han dei ut for å forkynna Guds rike og gjera sjuke gode att. Jesus mettar fem tusen(Matt 14,13–21; Mark 6,30–44; Joh 6,1–13)
10Apostlane kom attende og fortalde Jesus alt det dei hadde gjort. Då tok han dei med seg bortover mot ein by som heiter Betsaida; han ville vera åleine med dei.
11Men folk fekk vita det og fylgde etter. Han tok imot dei og tala til dei om Guds rike, og han lækte dei som lækjedom trong.
12Då det leid mot kveld, kom dei tolv til han og sa: «Send folket frå deg, så dei kan gå bort i landsbyane og gardane her ikring. Der kan dei finna hus og få seg eitkvart å eta. For her er vi på ein øydestad.»
13«Gjev de dei mat!» svara Jesus. «Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar,» sa dei, «om vi då ikkje sjølve skal gå og kjøpa mat til alt dette folket.»
14Det var samla om lag fem tusen menn. Då sa han til læresveinane: «Lat dei setja seg i flokkar på femti.»
15Det gjorde dei, og lét alle setja seg.
16Så tok han dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og velsigna dei. Og han braut dei og gav dei til læresveinane, så dei skulle dela ut til folket.
17Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, og det vart tolv korger.
Peter vedkjenner seg si tru, og Jesus talar om at han skal døy og stå opp att(Matt 16,13–16.21; Mark 8,27–33)18Ein gong han var åleine og bad, og berre læresveinane var med han, spurde han dei: «Kven seier folk at eg er?»
19«Døyparen Johannes,» svara dei, «men somme seier Elia, og andre at ein av dei gamle profetane har stått opp att.» Å fylgja Jesus(Matt 16,24–28; Mark 8,34–9,1)
23Så sa han til dei alle: «Vil nokon vera i lag med meg, lyt han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og fylgja meg. Læresveinane får sjå Jesu herlegdom(Matt 17,1–8; Mark 9,2–8)
28Ikring åtte dagar etter at han hadde tala desse orda, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gjekk opp i fjellet og ville be.
29Og medan han bad, fekk andletet hans ein annan utsjånad, og kleda hans vart skinande kvite.
30Brått stod det to menn og tala med han; det var Moses og Elia.
31Dei synte seg i herlegdom og tala med han om den utgangen livet hans skulle få i Jerusalem.
32Peter og dei andre hadde falle i djup svevn. No vakna dei og fekk sjå herlegdomen hans og dei to mennene som stod der saman med han. For eller imot(Mark 9,38–40)
49Då greip Johannes ordet: «Meister, vi såg ein mann som dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og vi prøvde å hindra han, sidan han ikkje er i lag med oss.» Jesus og samaritanane
51Då det leid mot den tida at Jesus skulle takast opp til himmelen, vende han andletet mot Jerusalem; dit ville han fara.
56Så gjekk dei til ein annan landsby.
Jesus krev alt(Matt 8,19–22)57Medan dei fór etter vegen, var det ein som sa til han: «Eg vil fylgja deg kvar du så går.»
58Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.»
59Til ein annan sa han: «Fylg meg!» Men mannen svara: «Lat meg fyrst få gå heim og gravleggja far min.»
60Då sa Jesus til han: «Lat dei døde gravleggja sine døde, men gå du av stad og forkynn Guds rike.»
61Det var ein annan òg som sa: «Eg vil fylgja deg, Herre, men lat meg fyrst få seia farvel til dei som heime er.»
62Men Jesus svara: «Ingen som har lagt handa på plogen og ser seg attende, er skikka for Guds rike.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.