Lukas 15 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Den eine sauen – og dei nittini(Matt 18,12–14)

1Tollarane og syndarane heldt seg nær til Jesus og høyrde på han.

2Men farisearane og dei skriftlærde murra og sa seg imellom: «Denne mannen tek imot syndarar og et i lag med dei.»

25Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimetter og kom bort imot garden, høyrde han spel og dans.

26Han ropa på ein av drengene og spurde kva dette skulle tyda.

27«Bror din er komen,» svara han, «og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han frisk heim att.»

28Då vart han arg og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han.

29Men han svara: «No har eg tent deg i alle år, og aldri gjort imot det du sa. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine.

30Men når han kjem heim, denne son din, som har øydt opp pengane dine i lag med skjøkjer, då slaktar du gjøkalven åt han!»

31Då sa far hans: «Du er alltid hjå meg, guten min, og alt mitt er ditt.

32Men no skal vi vera glade og fegne. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help