1Brått fekk eg sjå at det på kvelven over hovuda på kjerubane var noko som likna ein safirstein; noko som likna ein tronstol, var synleg over dei. 1,3ff; 43,3
16Når kjerubane gjekk, gjekk hjula òg; når kjerubane breidde ut vengene og ville lyfta seg frå jorda, skilde ikkje hjula seg frå dei. 1,19ff
17Når kjerubane stod, stod hjula òg; og når kjerubane lyfte seg, lyfte dei seg med dei. For ånda åt skapningane var i hjula.
18Så flytte Herrens herlegdom seg frå dørstokken i templet og vart ståande over kjerubane.
19Eg såg korleis kjerubane breidde ut vengene og lyfte seg frå jorda, og når dei steig, fylgde hjula med. Dei stogga attmed inngangen til austporten i Herrens hus, og herlegdomen åt Israels Gud var oppover dei.
20Det var dei same skapningane som eg hadde sett under Israels Gud attmed Kebar-elva, og eg skjøna at det var kjerubar.
21Kvar av dei hadde fire andlet og fire venger, og under vengene var det noko som likna menneskehender.
22Andleta deira likna dei andleta eg hadde sett attmed Kebar-elva; dei såg like eins ut. Kvar av kjerubane gjekk beint fram.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.