Matteus 11 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Jesus svarar døyparen Johannes(Luk 7,18–23)

1Då Jesus hadde sagt det han ville leggja dei tolv læresveinane sine på hjarta, fór han derifrå og tok til å læra og forkynna kring i byane.

2Johannes, som sat i fengsel, fekk høyra om alt det Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde:

Sjå, eg sender min bodberar føre deg,

han skal rydja vegen for deg.

11Sanneleg, det seier eg dykk: Aldri har det stått fram nokon større mellom dei som er fødde av kvinner, enn døyparen Johannes. Men jamvel den minste i himmelriket er større enn han.

12Frå Johannes døyparens dagar og til no vert himmelriket storma, og dei som stormar det, riv det til seg.

16Men kva skal eg likna denne ætta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre:

17Vi bles på fløyte for dykk,

men de ville ikkje dansa.

Vi song syrgjesongar,

men de ville ikkje klaga.

18For Johannes kom; han korkje åt eller drakk, og folk seier: Han er forgjord. Jesus refser byar i Galilea(Luk 10,13–15)

20Så tok Jesus til å refsa dei byane der han hadde gjort dei fleste av sine mektige gjerningar, fordi folket ikkje hadde vendt om:

21«Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledt seg i sekk og oske. Sonen gjev kvile(Luk 10,21–22)

25På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige.

28Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help