1Herren skal miskunna seg over Jakob og endå ein gong velja ut Israel og la dei få bu i landet sitt. Framande skal sameina seg med dei og halda seg til Jakobs ætt. Babel-kongen fell
3Den dagen Herren lèt deg kvila frå ditt strev og di uro og frå det harde trælearbeidet som vart lagt på deg,
4då skal du syngja denne spottevisa om Babel-kongen:
Sjå, no er det ute med valdsherren,
no er det slutt på hans ville framferd!
5Herren har brote sund staven åt dei gudlause,
styrarstaven åt tyrannane,
6som råka folkeslag i harme
og aldri heldt opp med å slå,
som tvinga folket under seg i vreide
og forfylgde dei utan miskunn.
7Heile jorda har fått fred og ro,
folk set i med fagnadrop.
8Jamvel sypressane gleder seg
over det som har hendt deg,
og sedrane på Libanon jublar:
«Sidan du fall,
kjem ingen opp og feller oss.»
9Dødsriket der nede kjem i uro
når det skal ta imot deg.
For di skuld vekkjer det daudingar,
alle som var fyrstar på jorda;
det får alle kongane over folka
til å reisa seg frå sine troner.
10Dei tek til ords og seier til deg:
«Så er du òg vorten kraftlaus som vi,
no er vi alle like.
11Du som var så stor og stolt,
til dødsriket er du nedstøytt
med dine klingande harper.
No ligg du på ei roten lege,
mòl og makk er ditt teppe.»
12Kor du er fallen frå himmelen,
du strålande morgonstjerne,
du son åt morgonroden!
Kor du er slengd til jorda,
du som la under deg folkeslag!
13Det var du som tenkte med deg:
«Til himmelen vil eg stiga opp;
høgt over Guds stjerner
reiser eg min kongsstol.
Eg tek sete på tingfjellet lengst i nord.
14Eg vil stiga opp over dei høge skyer
og gjera meg lik Den Høgste.»
15Nei, til dødsriket er du nedstøytt,
lengst ned i den djupe hola.
16Dei som ser deg, stirer på deg,
undrast og seier:
«Er dette den mannen som skok jorda
og fekk kongerike til å skjelva,
17han som gjorde verda til ei øydemark,
la byar i grus
og aldri lét fangar få fara heim?»
18Alle kongane over folka kviler
med ære, kvar i sitt hus.
19Men du ligg bortslengd og har inga grav,
du er som ein vanvørd kvist.
Du er overbreidd av drepne menn,
som er gjennombora med sverd
og kasta ned i ei steingrav,
som eit nedtrakka åtsel.
20Du får ikkje koma i grav med andre,
for landet ditt har du øydt,
og folket ditt har du drepe.
Dei som er ætta frå ugjerningsmenn,
skal aldri nemnast meir.
21Gjer slaktebenken ferdig til sønene hans
for den misgjerning deira fedrar har gjort!
Dei skal ikkje stå opp og ta jorda i eige
og grunnleggja byar kringom i verda.
22Eg vil reisa meg mot babylonarane, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. Eg vil rydja ut alt folket i Babel og gjera ende på deira ettermæle; jamvel born og etterkomarar vil eg rydja ut, lyder ordet frå Herren.
23Eg gjer Babel til ein heim for hegrar og til eit myrlende. Eg sopar det bort med ein kost som øydelegg alt, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
Kven gjer Herrens plan til inkjes?24Herren, Allhærs Gud, har svore:
Det eg har tenkt, skal sanneleg henda;
det eg har sett meg føre, står fast.
25Eg vil knusa assyrarane i landet mitt
og trakka dei ned på fjella mine.
Åket deira skal takast bort
frå dei som er trælka,
og børa lyftast av deira aksel.
26Dette er den plan
som er lagd for all jorda,
og dette er den hand
som er utrett mot alle folkeslag.
27Når Herren, Allhærs Gud, har lagt ein plan,
kven kan gjera han til inkjes?
Og når hans hand er utrett,
kven kan venda henne bort? Åtvaring til filistarane
28Det året kong Akas døydde, kom dette domsordet:
29Gled dykk ikkje, de filistarar,
fordi staven som slo dykk, er broten.
For av ormeætta kjem det ein eiterorm,
og hans frukt er ein flygande orm.
30På mi jord skal småkårsfolk finna føde
og dei fattige kvila trygt.
Men di ætt lèt eg døy av svolt,
og dei som er att av deg, skal tynast.
31Hyl, du port, og skrik, du by!
Skjelv av redsle, heile Filistarland!
For ein røyk kjem drivande frå nord,
og ingen ligg etter i fiendeflokken.
32Kva skal vi svara sendemennene frå folket?
At Herren har grunnlagt Sion,
og at der finn armingane i folket hans livd.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.