1Så ver då sterk, son min, ved nåden i Kristus Jesus.
2Og det du har høyrt av meg i nærvære av mange vitne, skal du overgje til pålitelege menneske som duger til å læra andre.
For har vi døytt med han, skal vi òg leva med han.
12Held vi ut med han, skal vi òg styra med han.
Fornektar vi, skal han fornekta oss.
13Er vi trulause, så er han trufast,
for han kan ikkje fornekta seg sjølv. Stå fast mot vranglæra!
14Dette skal du minna dei om! For Guds åsyn skal du seia frå at dei ikkje må krangla og tretta. Det tener ikkje til noko, men er berre til skade for dei som høyrer på.
22Fly frå ungdomens lyster og jag etter rettferd, truskap og kjærleik, og etter fred med dei som kallar på Herren av eit reint hjarta. Gal 5,22; 1 Tim 6,11; Apg 9,14+
23Men tåpelege ordskifte, som ingen lærer noko av, skal du visa frå deg, for du veit at dei skaper strid. 1 Tim 4,7; 6,4f
24Og ein Herrens tenar må ikkje liggja i strid, men vera venleg mot alle. Han skal vera ein god lærar, viljug til å tola vondt, Tit 1,7.9
25så han med spaklynde talar til rettes dei som seier imot. For kanskje vil Gud ein gong gje dei omvending, så dei lærer sanninga å kjenna. Matt 3,2+; 1 Tim 2,4
26Då kan dei vakna av rusen og koma seg ut or den snara djevelen har fanga dei i, så dei må gjera hans vilje.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.