Jeremia 21 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Vegen til livet og vegen til døden

1Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren då kong Sidkia sende til han Pasjkur, son til Malkia, og presten Sefanja, son til Ma'aseja. Dei sa:

2«Spør Herren til råds for oss! For Nebukadnesar, kongen i Babylonia, strider imot oss. Kanskje Herren vil gjera eit under, som han så ofte har gjort, så fienden fer sin veg.»

3Jeremia svara dei: De skal seia til Sidkia:

4Så seier Herren, Israels Gud: Når de strider utanfor muren mot babylonarkongen og kaldearane som kringset dykk, driv eg dykk attende, og dei krigsvåpna de brukar, samlar eg midt i denne byen.

5Sjølv vil eg strida mot dykk med utrett hand og sterk arm, i vreide, harme og stor uvilje.

8Og til dette folket skal du seia: Så seier Herren: Sjå, eg legg fram for dykk vegen til livet og vegen til døden. No kjem eg mot deg

11Om kongehuset i Juda.

12Høyr Herrens ord, du Davids ætt!

Så seier Herren:

Døm rettferdig kvar morgon,

fri den som er rana, or valdsmannens hand.

Elles skal harmen min loga som eld

og brenna utan at nokon sløkkjer

for alt det vonde de har gjort.

13No kjem eg mot deg,

du by som tronar over dalen,

du berg på sletta,

lyder ordet frå Herren.

De seier:

«Kven kan koma ned mot oss

og trengja inn i våre bustader?»

14Men eg vil straffa dykk,

det er frukta av dykkar gjerningar,

lyder ordet frå Herren.

Eg set eld på skogen i byen,

og han skal øyda alt ikring.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help