1Domsord mot Syne-dalen.
Kva er på ferde hjå deg,
sidan alle har stige opp på taka,
2du bråkande, ståkande by,
du jublande, glade by?
Dine falne er ikkje drepne med sverd,
dei er ikkje falne i strid.
3Dine hovdingar rømde, alle som ein,
dei vart fanga utan eit bogeskot.
Alle mennene i byen vart fanga,
endå dei rømde langt av stad.
4Difor seier eg:
«Sjå bort ifrå meg!
Eg må gråta sårt.
Truga ikkje trøyst inn på meg
fordi folket mitt er herja.»
5Ja, det kom ein dag
frå Herren, Allhærs Gud,
med nedtrakking, redsle og rådløyse
i Syne-dalen.
Murar vart nedrivne,
og skrik steig opp mot fjellet.
6Elam lyfte pilehuset,
drog fram med vogner, folk og hestar,
og Kir tok dekket av skjolda.
7I dei finaste dalane dine
var det fullt av vogner og hestar;
heilt fram til porten stod dei.
8Og Herren tok sitt vern frå Juda.
Den dagen såg du deg om
etter våpen og utstyr i Skoghuset.
9De såg at Davids-byen hadde mange rivner.
Så samla de vatnet i Nedredammen,
10talde husa i Jerusalem
og reiv nokre ned for å styrkja muren.
11De laga ein kulp mellom dei to murane
for vatnet frå Gamledammen.
Men de såg ikkje opp til han
som gjorde dette,
og vende ikkje augo mot han
som laga det så for lenge sidan.
12Den dagen kalla han dykk,
Herren, Allhærs Gud,
til å gråta og klaga,
til å raka hovudet
og kle dykk i syrgjeplagg.
13Men her er glede og gaman,
okseslakting og saueslakting,
kjøteting og vindrikking.
«Lat oss eta og drikka,
for i morgon døyr vi!»
14Men Herren, Allhærs Gud,
har openberra seg for meg og sagt:
«Sanneleg, denne synda skal ikkje sonast
så lenge de lever!»
seier Herren, Allhærs Gud.
Sjebna og Eljakim15Så seier Herren, Allhærs Gud:
Gå inn til slottsforvaltaren Sjebna,
han som står føre huset!
16Kva har du her, og kven har du her,
sidan du høgg deg ut ei grav?
Du høgg ei grav på ein høg stad,
holar deg ut ein bustad i berget.
17Sjå, Herren skal slengja deg bort,
slengja deg bort, du sterke mann.
Han grip deg,
18rullar deg saman
og kastar deg som ein ball på open mark.
Der skal du døy,
og der skal dine stasvogner enda,
du skamflekk for huset åt herren din!
19Eg vil støyta deg bort frå di stilling
og riva deg ned frå din plass.
20Den dagen vil eg kalla på Eljakim Hilkiason, tenaren min.
25Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, skal han losna, nabben i den faste veggen. Han skal gå av og detta ned, og det som hang på han, skal knusast. For Herren har tala.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.