Jesaja 37 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Då kong Hiskia høyrde det, reiv han sund kleda sine, tok på seg botsdrakt og gjekk inn i Herrens hus.

5Då kongsmennene kom til Jesaja,

6sa han til dei: «Sei til herren dykkar: Så seier Herren: Ver ikkje redd for dei ord du har høyrt, dei spottord som mennene åt assyrarkongen har tala mot meg.

7No vil eg skyta det i hugen hans at han skal fara heim att til landet sitt når han får høyra eit rykte; og der vil eg la han falla for sverd.»

8Så drog hærføraren av stad. Han hadde høyrt at assyrarkongen var faren bort frå Lakisj, og møtte han medan han stridde mot Libna.

9Kongen fekk no høyra at Tirhaka, kongen i Nubia, hadde drege i hærferd mot han. Då sende han atter nokre menn til Hiskia og sa:

10«Så skal de seia til Hiskia, kongen i Juda: Lat deg ikkje narra av din Gud, som du set di lit til, når han seier: Jerusalem skal ikkje falla i hendene på assyrarkongen.

11Du har sjølv høyrt kva assyrarkongane har gjort med alle dei andre landa, korleis dei har lagt dei i øyde. Og så skulle du verta berga!

12Har dei vorte berga av gudane sine, dei folka som fedrane mine gjorde ende på: folka i Gosan, Karan og Resef og Eden-folka i Telassar?

13Kvar er no kongane i Hamat og Arpad, kongen i Sefarvajim-byen og kongane i Hena og Ivva?»

14Då Hiskia hadde teke imot og lese brevet som sendemennene kom med, gjekk han opp i templet og breidde det ut for Herrens åsyn.

15Hiskia bad til Herren og sa:

16«Herre, Allhærs Gud, Israels Gud, du som tronar over kjerubane, einast du er Gud for alle rike på jorda, du som har skapt himmelen og jorda.

21Då sende Jesaja Amosson dette bodet til Hiskia: Så seier Herren, Israels Gud: Eg har høyrt den bøna du bad til meg om Sankerib, kongen i Assyria.

28Om du sit eller står,

om du kjem eller går,

så kjenner eg til det.

Når du rasar mot meg, veit eg om det.

29Men fordi du rasar mot meg,

og eg har høyrt kor sorglaus du er,

set eg ring i nasen din

og legg beisel i munnen din.

Så fører eg deg attende

den vegen du er komen.

30Dette skal du ha til teikn:

I år må de eta det som gror av spillkorn,

og til års korn som har sått seg sjølv.

Men tredje året skal de så og hausta,

planta vingardar og eta frukta.

31Den resten av Juda som vert berga,

skal atter skyta djupe røter,

og greinene skal bera frukt.

32For frå Jerusalem kjem det ein rest,

frå Sion-fjellet ein flokk som er berga.

Dette skal Herren, Allhærs Gud,

gjera i sin brennhug.

33Ja, så seier Herren om assyrarkongen:

Han skal ikkje koma inn i denne byen

og ikkje skyta ei pil dit inn.

Han skal ikkje gå imot han med skjold,

og ikkje kasta opp ein voll imot han.

34Den vegen han kom, skal han fara attende;

i denne byen skal han ikkje koma inn,

lyder ordet frå Herren.

35Eg vil verna byen og berga han

for mi eiga og for min tenar Davids skuld.

36Så gjekk Herrens engel ut og slo i hel 185 000 mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle som låg døde der. 2 Kong 19,35ff

37Då tok Sankerib, assyrarkongen, ut og fór heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive.

38Ein gong medan han heldt bøn i templet åt Nisrok, guden sin, kom sønene hans, Adrammelek og Sareser, og hogg han ned med sverd. Dei kom seg unna og rømde til Ararat-landet. Og Asarhaddon, son hans, vart konge etter han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help