1Å, alle de tyrste, kom og få vatn!
Og de som ikkje har pengar, kom!
Kjøp korn og et!
Ja, kom og kjøp utan pengar
og utan betaling vin og mjølk!
2Kvi gjev de ut pengar
for det som ikkje er brød,
og dykkar arbeidsløn
for det som ikkje kan metta?
Å, høyr på meg!
Så skal de få eta det som godt er,
og gleda dykk over feite retter!
3Vend øyra hit og kom til meg,
høyr, så skal de få leva!
Så gjer eg med dykk ei evig pakt
og syner dykk trufast mi miskunn,
så som eg gjorde mot David.
4Han sette eg til eit vitne for folk,
til hovding og fyrste for folkeslag.
5Ja, du skal kalla på folk du ikkje kjenner,
og folk som ikkje kjenner deg,
skal skunda seg til deg;
for Israels Heilage, Herren din Gud,
har gjeve deg ære og herlegdom. Søk Herren medan han er å finna!
6Søk Herren medan han er å finna,
kall på han den stund han er nær!
7Den gudlause må venda seg frå sin veg
og ugjerningsmannen frå sine tankar
og snu om til Herren,
så skal han visa miskunn,
til vår Gud,
for han er rik på tilgjeving.
8For mine tankar er ikkje dykkar tankar,
og dykkar vegar er ikkje mine vegar, seier Herren.
9Nei, så høg som himmelen er over jorda,
så er mine vegar høgare enn dykkar vegar
og mine tankar høgare enn dykkar tankar.
10Liksom regnet og snøen
fell ifrå himmelen
og ikkje fer opp att dit,
før dei har vatna jorda
og gjeve henne grorkraft og grøde,
ja, gjeve såkorn til den som skal så,
og brød til den som skal eta,
11så er det òg med mitt ord,
det som går ut or min munn.
Det vender ikkje tomt tilbake til meg,
men gjer det eg vil,
og fullfører det eg sender det til.
12Ja, med glede skal de dra ut
og førast lukkeleg fram.
Fjell og haugar
skal møta dykk med jubelrop,
og alle tre på marka
skal klappa i hendene.
13I staden for klunger
skal det veksa sypressar,
og myrt i staden for nesler.
Det skal vera til ære for Herren,
eit evig teikn
som aldri skal strykast ut.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.