Esekiel 33 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Profeten som Israels vaktmann

1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2Menneske, tal til landsmennene dine og sei: Når eg sender sverd mot eit land, vil folket der velja ut ein av sine eigne og gjera han til sin vaktmann.

3Når så mannen ser sverdet koma mot landet, blæs han i horn og åtvarar folket.

4Om nokon som høyrer hornljomen, ikkje bryr seg om åtvaringa, så sverdet kjem og riv han bort, då er han sjølv skuld i sin død.

5Han høyrde hornljomen, men brydde seg ikkje om åtvaringa. Difor må han sjølv ta skulda for sin død. Hadde han late seg åtvara, hadde han berga livet.

6No kan det henda at vaktmannen ser sverdet koma, men ikkje blæs i hornet og ikkje åtvarar folket. Når sverdet kjem og riv bort einkvan av dei, då hender det fordi han har synda. Men vaktmannen krev eg til rekneskap for hans død.

7Du menneske, eg har sett deg til vaktmann for Israels ætt. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg.

12Du menneske, sei til landsmennene dine: Når den rettferdige syndar, kan hans rettferd ikkje berga han. Og når den gudlause vender om frå sin vondskap, skal hans vondskap ikkje fella han. Den rettferdige kan ikkje leva ved si rettferd når han syndar.

23Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

24Menneske, dei som bur mellom ruinane der borte i Israels-landet, dei seier: «Abraham var berre ein, og endå tok han landet i eige. Vi er mange, og vi har fått det til eigedom.»

27Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Så sant eg lever: Dei som bur mellom ruinane, skal falla for sverd; den som er ute på marka, gjev eg til føde for villdyra, og dei som held til i fjellborgene og holene, skal døy i pest.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help