1Då sabbaten var til ende, og det tok til å ljosna fyrste dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria og ville sjå til grava.
2Då kom det brått eit kraftig jordskjelv; for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava og velte steinen ifrå og sette seg på han.
3Han var som lynet å sjå til, og kleda hans var kvite som snø.
4Vaktmennene skalv av redsle då dei såg han, og dei vart liggjande som døde.
5Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest.
6Han er ikkje her; han er oppstaden, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!
8Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad og ville fortelja det til læresveinane.
9Men best det var, kom Jesus imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han.
10Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.»Eit rykte mellom jødane
11Medan kvinnene var på vegen, kom nokre av vaktmennene inn til byen og fortalde overprestane alt det som hadde hendt.
12Overprestane og dei eldste kom då saman, og dei vart samde om kva dei skulle gjera. Dei gav soldatane mange pengar
13og sa: «Sei at læresveinane hans kom om natta og stal han medan de sov.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.