1Ein Davids-salme.
Herren er min hyrding,
det vantar meg ingen ting.
2Han lèt meg liggja i grøne enger;
han fører meg til vatn der eg finn kvile,
3og gjev meg ny kraft.
Han leier meg på dei rette stigar
for sitt namn skuld.
4Om eg så går i dødsskuggens dal,
ottast eg ikkje for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav, dei trøystar meg.
5Du dukar bord åt meg
framfor augo på mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje;
mitt staup fløder over.
6Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.