1Ein song. Ein Davids-salme.
2Mitt hjarta er roleg, Gud,
eg vil spela og syngja av heile mitt hjarta.
3Vakna, harpe og lyre!
Morgonroden vil eg vekkja.
4Eg vil prisa deg mellom folka, Herre,
lovsyngja deg mellom folkeslag.
5Stor er di miskunn, til himmelen når ho,
til skyene rekk din truskap.
6Vis deg høg over himmelen, Gud,
vis din herlegdom over all jorda!
7Hjelp oss med di høgre hand,
svar oss, så dine kjære vert berga!
8Gud har tala i sin heilagdom:
«Med jubel vil eg skifta ut Sikem
og mæla opp Sukkot-dalen.
9Meg høyrer Gilead og Manasse til,
Efraim er hjelmen på mitt hovud,
og Juda er min styrarstav.
10Men Moab er mitt vaskefat,
på Edom kastar eg min sko.
Eg triumferer over Filistarlandet.»
11Kven fører meg til festningsbyen,
kven leier meg til Edom?
12Er det ikkje du, Gud, som vraka oss
og ikkje drog ut med våre hærar?
13Gjev oss hjelp mot fienden!
Hjelp frå menneske duger ikkje.
14Med Guds hjelp skal vi gjera storverk.
Han skal trakka våre fiendar ned.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.