2. Korintar 12 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Syner og openberringar

1Eg må rosa meg, endå det ikkje tener til noko. Og no kjem eg til syner og openberringar eg har fått frå Herren.

2Eg veit om eit menneske i Kristus, ein som for fjorten år sidan vart rykt inn i den tredje himmel – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det.

3Og eg veit at denne mannen vart rykt inn i Paradis – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det –

4og der fekk han høyra useielege ord, som eit menneske ikkje har lov til å tala.

5Denne mannen vil eg rosa meg av, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt. Uro føre ei ny vitjing i Korint

11Så har eg då vore heilt ifrå meg! De har tvinga meg til det, eg som skulle ha fått lovord av dykk. For ikkje på nokon måte er eg mindre enn desse overapostlane, endå eg ingenting er.

19De har visst lenge tenkt at vi forsvarar oss for dykk. Men det er for Guds andlet vi talar, i Kristus. Og alt dette er sagt, så de, mine kjære, skal verta oppbygde.

20For eg er redd at eg ikkje skal finna dykk slik som eg vil, når eg kjem, og at de ikkje skal finna meg slik de vil. Eg er redd eg skal finna strid, misunning, sinne, sjølvhevding, baktale, sladder, hovmod og rot.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help