1Då kong David var gamal og langt oppi åra, greidde han ikkje halda seg varm lenger, jamvel om dei breidde teppe på han.
8Men det var andre som ikkje heldt med Adonja: presten Sadok, Benaja Jojadason, profeten Natan, Sjimi, Re'i og dei beste krigarane åt David.
9Ein dag slakta Adonja småfe, storfe og gjøkalvar bortmed Sohelet-steinen, som ligg attmed Rogel-kjelda. Han bad til seg alle brørne sine, kongssønene, og alle judearar som var i teneste hjå kongen.
10Men han bad ikkje profeten Natan, Benaja og krigarane og heller ikkje Salomo, bror sin.
11Då sa Natan til Batseba, mor til Salomo: «Du har vel høyrt at Adonja, son til Haggit, har vorte konge, og David, herren vår, veit ikkje om det?
12Lat meg no få gje deg eit råd, så du kan berga både ditt eige liv og livet åt Salomo, son din.
13Gå inn til kong David og sei til han: Herre konge, har du ikkje med eid lova tenestkvinna di at Salomo, son min, skal verta konge etter deg og sitja på kongsstolen din? Korleis har det då gått til at Adonja har vorte konge?
14Og så, medan du enno står der og talar med kongen, skal eg koma inn og stadfesta det du seier.»
15Då gjekk Batseba inn i soveromet til kongen. Han var svært gamal no, og Abisjag frå Sjunem stelte for han.
16Batseba la seg på kne og bøygde seg for kongen, og han spurde: «Kva er det du vil?»
17Ho svara: «Herre, du har svore ved Herren din Gud og lova tenestkvinna di at Salomo, son min, skal verta konge etter deg og sitja på kongsstolen din.
18Men no har Adonja vorte konge, og du, herre konge, veit ikkje om det.
19Han har slakta oksar, gjøkalvar og sauer i mengd og bede til seg alle kongssønene, presten Abjatar og hærføraren Joab. Men Salomo, tenaren din, har han ikkje bede.
20No vender heile Israel augo sine mot deg, herre konge, og ventar at du skal kunngjera for dei kven som skal sitja på kongsstolen etter deg, herre konge.
21Elles kjem skulda til å kvila på meg og Salomo, son min, når du, herre konge, kviler hjå fedrane dine.»
22Medan ho endå tala med kongen, kom profeten Natan,
23og dei gjekk til kongen og sa at profeten Natan var der. Så steig han fram for kongen og kasta seg ned for han med andletet mot jorda.
24«Herre konge,» sa Natan, «har du sagt at Adonja skal vera konge etter deg og sitja på kongsstolen din?
25I dag har han gått ned og slakta oksar, gjøkalvar og sauer i mengd og bede til seg alle kongssønene, føraren for hæren og presten Abjatar. No et og drikk dei i lag med han og ropar: Leve kong Adonja!
26Men meg, tenaren din, har han ikkje bede og heller ikkje presten Sadok eller Benaja Jojadason eller Salomo, tenaren din.
27Kan dette vera kome frå deg, herre konge, utan at du har late tenarane dine få vita kven som skal sitja på kongsstolen etter deg?»
28Då tok kong David til ords og sa: «Kall Batseba hit til meg!» Ho kom fram for kongen og vart ståande der.
29Kongen svor og sa: «Så sant Herren lever, han som har fria meg ut or all naud:
34Der skal presten Sadok og profeten Natan salva han til konge over Israel. Og de skal blåsa i horn og ropa: Leve kong Salomo!
35Så skal de fylgja han opp att. Og når han kjem hit, skal han setja seg på kongsstolen min og vera konge i min stad; for det er han eg har etla til fyrste over Israel og Juda.»
36Då tok Benaja Jojadason til ords og sa til kongen: «Ja, så skal det vera! Gjev Herren din Gud må stadfesta det du seier, herre konge!
37Gjev Herren må vera med Salomo som han har vore med deg, og gjera hans kongsstol endå større enn din, herre konge.»
38Så gjekk dei ned, presten Sadok, profeten Natan, Benaja Jojadason og livvakta. Dei lét Salomo ri på muldyret åt kong David og førte han ned til Gihon-kjelda.
39Presten Sadok hadde teke med seg oljehornet frå Herrens telt, og no salva han Salomo. Dei bles i horn, og alt folket ropa: «Leve kong Salomo!» 1 Krøn 29,22
40Så fylgde heile hopen han opp att. Dei spela på fløyte og jubla høgt. Det var så jorda reint ville rivna av lyden.
41Dette høyrde Adonja og alle gjestene hans. Dei var nett ferdige med måltidet, då Joab høyrde lyden av horn og sa: «Kvifor er det slikt ståk i byen?»
42Ikkje før hadde han sagt det, så kom Jonatan, son til presten Abjatar. «Kom hit!» sa Adonja. «Du er ein påliteleg mann og kjem visst med godt nytt.» 2 Sam 18,27
43«Nei,» svara Jonatan. «Kong David, herren vår, har gjort Salomo til konge.
44Han sende presten Sadok, profeten Natan, Benaja Jojadason og livvakta med han, og dei lét Salomo ri på muldyret åt kongen.
45Og presten Sadok og profeten Natan salva han til konge attmed Gihon-kjelda. Så fór dei opp att med glederop, og no er det oppstyr i byen. Det er ståket de høyrer.
46Salomo har alt sett seg på kongsstolen,
47og kongsmennene har kome og ynskt kong David, herren vår, til lukke. Dei seier: Gjev din Gud må gjera Salomo meir namngjeten enn deg og gjera hans kongsstol endå større enn din. Då bøygde kongen seg i bøn på lega si
48og sa: Lova vere Herren, Israels Gud, som i dag har sett ein av etterkomarane mine på kongsstolen, så eg har fått sjå det med eigne augo.»
49Då vart dei reint forstøkte, alle gjestene åt Adonja. Dei tok ut og gjekk kvar til sin kant.
50Adonja vart så redd for Salomo at han reiste seg, gjekk av stad og greip om altarhorna.
51Salomo fekk melding om at Adonja hadde vorte så redd for kongen at han hadde gripe om altarhorna og sagt: «No må kong Salomo lova meg med eid at han ikkje vil la tenaren sin døy for sverd.»
52Salomo sa: «Vil han fara fram som ein ærleg mann, skal det ikkje verta skadt eit hår på hovudet hans. Men viser det seg at han har vonde planar, skal han døy.»
53Så sende kong Salomo folk av stad, og dei tok han ned frå altaret. Då han kom til kong Salomo, kasta han seg ned for han, og Salomo sa til han: «Du kan gå heim til deg sjølv.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.