1Då Pasjkur Immersson, presten, som var øvste tilsynsmannen i Herrens hus, høyrde Jeremia bera fram denne spådomen,
3Dagen etter sleppte Pasjkur Jeremia laus frå blokka. Då sa Jeremia til han: Herren kallar deg ikkje lenger Pasjkur, men «Redsle rundt ikring».
4For så seier Herren: Eg gjer deg til ei redsle for deg sjølv og for alle venene dine. Dei skal falla for fiendesverd, medan du ser på. Og heile Juda vil eg gje i hendene på babylonarkongen. Han skal føra dei bort til Babylonia og hogga dei ned med sverd.
5Og eg vil gje alt det dei eig i denne byen, all frukta av deira strev, alle deira dyre eigneluter og alle skattane åt Juda-kongane i hendene på fiendane deira. Dei skal røva dei, ta dei med seg og føra dei til Babylonia.
8Så ofte eg talar, lyt eg skrika,
«Vald og overfall!» lyt eg ropa.
For Herrens ord har dagen lang
vorte meg til spott og skam.
9Men når eg tenkte:
«Eg vil gløyma han
og ikkje lenger tala i hans namn»,
då vart det som logande eld i mitt hjarta,
innestengd i mine bein.
Eg streva for å halda det att,
men greidde det ikkje.
10Ja, eg har høyrt mange som kviskrar
– det er noko som skræmer på alle kantar:
«Meld han! Vi skal melda han!»
Alle som eg hadde fred med,
ventar på at eg skal falla:
«Kanskje lèt han seg lokka,
så vi kan få han i vår makt
og hemna oss på han.»
11Men Herren er med meg lik ei veldig kjempe.
Difor skal dei snåva,
dei som forfylgjer meg,
og ikkje vinna over meg.
Dei skal stå der med stor skam
fordi dei ikkje hadde lukka med seg
– ei vanære som aldri vert gløymd.
12Herre, Allhærs Gud,
du som prøver den rettferdige,
som ser både hjarta og nyrer,
lat meg få sjå at du tek hemn over dei,
for eg har lagt mi sak i di hand.
13Syng for Herren, lovpris Herren,
for han bergar den fattige
og friar han frå ugjerningsmenn.
Profeten forbannar fødedagen sin14Forbanna vere den dagen
då eg vart fødd!
Den dagen mor mi fødde meg,
skal ikkje vera velsigna!
15Forbanna vere den mann
som kom til far min med gledebodet:
«Du har fått ein gut,»
og såleis gledde han storleg.
16Lat det gå den mannen som det gjekk dei byane
Herren øydela utan medynk!
Lat han høyra skrik om morgonen
og hærrop midt på dagen,
17fordi han ikkje drap meg i mors liv,
så mor mi vart mi grav
og alltid gjekk med barn.
18Kvifor kom eg ut or mors liv
når eg berre skulle oppleva møde og sorg
og enda mine dagar i skam?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.