1Eit mildt svar døyver sinne,
sårande ord vekkjer vreide.
2Vismenns tunge gjev god kunnskap,
men dårskap strøymer frå dårars munn.
3Herrens augo er alle stader,
dei vaker over vonde og gode.
4Ei varsam tunge er eit livsens tre,
men lygn på tunga gjev hjartesår.
5Dåren vanvørder formaning frå far sin,
klok er den som aktar på refsing.
6I rettferdig manns hus er det stor rikdom;
det den gudlause vinn, går tapt.
7Vismenns lipper strøyer ut kunnskap,
men dårens hjarta er ikkje rett.
8Offer frå dei gudlause er ein styggedom for Herren,
men bøn frå dei ærlege tek han vel imot.
9Det den gudlause gjer, er ein styggedom for Herren,
men han elskar dei som jagar etter rettferd.
10Hard tukt får den som vik av frå stigen,
den som hatar refsing, må døy.
11Dødsrike og avgrunn ligg opne for Herren,
kor mykje meir då menneskehjarta.
12Spottaren mislikar refsing,
til dei vise går han ikkje.
13Glede i hjarta gjer andletet ljost,
men hjartesorg gjer motlaus.
14Vitug mann søkjer kunnskap,
men dårar fer berre med dårskap.
15For ein arming er dagane vonde,
men gladlyndt mann har alltid gjestebod.
16Betre er lite med otte for Herren
enn stor rikdom med uro attåt.
17Betre er ein grønsakrett med kjærleik
enn oksesteik med hat attåt.
18Bråsint mann valdar strid og trette,
den langmodige får striden til å stilna.
19For den late er vegen som eit klungergjerde,
men jamn er stigen for dei ærlege.
20Ein klok son er til glede for far sin,
ein dum mann vanvørder mor si.
21Den tankelause har glede av dårskap,
den vituge går beint fram.
22Utan rådlegging mislukkast planane,
men når mange gjev råd, har dei framgang.
23Mannen gled seg når munnen kan svara.
Kor godt med eit ord i rette tid!
24For den kloke fører livsvegen oppover,
og då slepp han unna dødsriket der nede.
25Herren riv huset ned for dei hovmodige,
enkjer lèt han få ha si jord.
26Vonde tankar er ein styggedom for Herren,
men milde ord er reine.
27Den som jagar etter vinning, set huset over styr,
men den som hatar muter, får leva.
28Den rettferdige tenkjer seg om før han talar,
men vondskapen strøymer frå munnen på gudlause.
29Herren er langt borte frå dei vonde,
men han høyrer bøna åt dei rettferdige.
30Lysande augo gjer hugen glad,
god bodskap gjev merg i bein.
31Når ein høyrer på refsing som tener livet,
held ein gjerne lag med dei vise.
32Den som avviser tukt, vanvørder seg sjølv,
den som høyrer på refsing, får godt skjøn.
33Age for Herren manar til visdom,
føre ære går audmykt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.