Markus 1 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Døyparen Johannes står fram(Matt 3,1–12; Luk 3,1–18; Joh 1,19–28)

1Dette er opphavet til evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son.

2Hjå profeten Jesaja står det skrive:

Sjå, eg sender min bodberar føre deg,

han skal rydja vegen for deg.

3Ei røyst ropar i øydemarka:

Ryd veg for Herren,

gjer stigane hans rette!

4Såleis stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han ropa ut at folket skulle venda om og la seg døypa så dei kunne få tilgjeving for syndene sine. Jesu dåp og freisting(Matt 3,13–4,11; Luk 3,21–22; 4,1–13; Joh 1,32–34)

9På den tid kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan.

10Med det same han steig opp or vatnet, såg han himmelen opna seg og Anden dala ned over han som ei due.

11Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar. Deg har eg hugnad i.»

12Straks etter dreiv Anden han ut i øydemarka;

13og der var han i førti dagar og vart freista av Satan. Han heldt til mellom dei ville dyra; englane tente han.Dei fyrste læresveinane(Matt 4,12–22; Luk 4,14–15; 5,1–11)

14Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea og forkynte Guds evangelium

16Ein gong han gjekk langsmed Galilea-sjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta not i sjøen, for dei var fiskarar.

17Jesus sa til dei: «Fylg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»

18Då gjekk dei beint ifrå nøtene sine og fylgde han.

19Då Jesus kom litt lenger fram, fekk han sjå Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans; dei sat i båten og bøtte nøtene sine.

20Straks kalla han dei, og dei gjekk ifrå far sin, Sebedeus, som sat att i båten saman med leigekarane, og dei fylgde Jesus.

Ein dag i Kapernaum(Matt 8,14–17; Luk 4,31–41)

21Så kom dei til Kapernaum, og då det vart sabbat, gjekk han inn i synagoga og lærte folket.

22Dei var tekne av undring over læra hans, for han lærte med mynde og ikkje som dei skriftlærde.

23No var det i synagoga deira ein mann som hadde ei urein ånd i seg. Han sette i og ropa:

24«Kva har du med oss å gjera, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å tyna oss? Eg veit kven du er, du Guds Heilage!»

33heile byen var samla utfor døra.

34Han lækte mange som leid av ymse sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder. Men han lét ikkje dei vonde åndene få tala, for dei visste kven han var.Jesus bed og forkynner(Luk 4,42–44)

35Morgonen etter, medan det endå var mørkt, stod han opp og gjekk til ein øydestad; der bad han. Den spedalske mannen(Matt 8,2–4; Luk 5,12–16)

40Ein mann som var spedalsk, kom til han, fall på kne og bad: «Dersom du vil, kan du gjera meg rein.»

41Jesus fekk medkjensle med han, rette ut handa og tok bortpå han og sa: «Eg vil, vert rein!»

42Med det same var sjukdomen borte, og mannen var rein.

43Jesus tala strengt til han og baud han gå sin veg.

44«Sei ikkje eit ord til nokon om dette,» sa han. «Men gå og vis deg for presten, og ber fram dei offer som Moses har gjeve påbod om for den som lèt seg reinsa. Det skal vera eit vitnemål for dei.» Matt 9,30; Mark 3,12; 7,36; 8,30; 9,9; Luk 4,41; 3 Mos 14,2ff

45Men mannen gjekk av stad og gav seg til å fortelja om det som hadde hendt; han gjorde det kjent vidt og breitt. Difor kunne ikkje Jesus visa seg i nokon by lenger. Han heldt seg utanfor byane, på øydestader. Men folk kom til han frå alle kantar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help