Lukas 11 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Jesus lærer læresveinane å be(Matt 6,9–15; 7,7–11)

1Ein gong var han ein stad og bad. Då han var ferdig med bøna, sa ein av læresveinane til han: «Herre, lær oss å be, så som Johannes lærte sine læresveinar.»

2Han svara: «Når de bed, skal de seia:

Fader vår, du som er i himmelen!

Lat namnet ditt helgast.

Lat riket ditt koma.

Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.

3Gjev oss kvar dag vårt daglege brød.

4Tilgjev oss våre synder,

for vi òg tilgjev kvar den som har synda mot oss.

Og før oss ikkje ut i freisting,

men frels oss frå det vonde.»

5Så sa han til dei: «Set at ein av dykk har ein ven og går til han midt på natta og seier: Kjære, lån meg tre brød,

6for ein ven som er på ferd, er komen til meg, og eg har ikkje noko å setja fram for han.

7Trur de at han der inne då vil svara: Uroa meg ikkje! Døra er alt stengd, og borna og eg er i seng. Eg kan ikkje stå opp og gje deg noko.

8Nei, seier eg dykk: Om han ikkje står opp og gjev han det fordi det er venen hans, så står han då opp og lèt han få alt han treng fordi han er så pågåande.

9Og eg seier dykk: Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk.

24Når ei urein ånd fer ut or eit menneske, flakkar ho over vasslause vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. Då seier ho: «Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flytte ifrå.»

25Når ho kjem att, finn ho det feia og fjelga.

26Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder, verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og har det vore ille med det mennesket før, vert det verre no.

27Då han sa dette, var det ei kvinne i folkehopen som ropa: «Sælt er det morslivet som bar deg, og det bryst som du saug.» Ei vond ætt krev teikn(Matt 12,38–42)

29Som no folket flokka seg om han, tok han atter til ords:

Denne ætta er ei vond ætt. Ho krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet.

30For liksom Jona vart eit teikn for folket i Ninive, såleis skal Menneskesonen verta det for denne ætta.

31Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med mennene i denne ætta og føra klagemål mot dei. For ho kom heilt frå verdsens ende og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo! Ljoset og auga(Matt 5,15; 6,22–23)

33Ingen kveikjer eit ljos og set det i kjellaren eller under eit kar. Nei, han set det i staken, så dei som kjem inn, kan sjå skinet frå det.

39Men Herren sa til han:

«Ja, de farisearar, de gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er de fulle av havesykje og vondskap.

40Uvituge menneske! Han som har skapt det som er utvendes, har ikkje han skapt det som er innvendes òg?

41Gjev heller dei fattige det som inni er, og sjå, då vert alt reint for dykk.

43Ve dykk, farisearar! De elskar å sitja fremst i synagogene og vil gjerne at folk skal helsa dykk på torget.

45Då tok ein av dei lovkunnige til ords og sa: «Meister, når du seier slikt, krenkjer du oss òg.»

46Men Jesus svara: «Ve dykk, de lovkunnige òg! De legg tunge bører på folk, men sjølve rører de dei ikkje med ein finger.

47Ve dykk! De byggjer gravmæle over profetane, dei som fedrane dykkar slo i hel.

48Så er de vitne som går god for det fedrane dykkar gjorde, og samtykkjer i det. For dei slo profetane i hel, og de byggjer gravmæle.

49Difor har òg Guds visdom sagt: Eg vil senda profetar og apostlar til dei; somme skal dei slå i hel, andre skal dei forfylgja.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help