1Då sette kong Dareios nokre menn til å sjå etter i arkiva i skattkammera i Babylonia.
2I kongsborga i Ekbatana, hovudstaden i provinsen Media, fann dei ein bokrull, og der stod det skrive:
Kunngjering.
3I det fyrste året kong Kyros styrte, gav han dette påbodet om Guds hus i Jerusalem: Huset skal byggjast opp att, så det vert ein stad der folk ber fram offer. Grunnvollen skal leggjast på nytt. Sjølve templet skal vera seksti alner høgt og seksti alner breitt.
6«No skal du, Tattenai, statthaldar i provinsen vestanfor Eufrat, og du Sjetar-Bosnai og embetsbrørne dykkar, embetsmennene i provinsen, halda dykk borte frå Jerusalem.
7Legg ikkje hindringar i vegen for arbeidet på dette Guds hus! Lat statthaldaren og dei eldste hjå jødane få byggja opp att templet på den gamle staden.
8Eg gjev no påbod om kva de skal gjera for desse eldste hjå jødane, så bygginga kan halda fram: Av dei skatteinntektene som kongen har i provinsen, skal de fullt ut dekkja utgiftene for desse mennene, så arbeidet ikkje stansar.
9Alt det som trengst av unge oksar, verar og lam til brennoffer for Gud i himmelen, skal kvar dag gjevast etter oppgåve frå prestane i Jerusalem. Det same gjeld kveite, salt, vin og olje.
10Så skal dei bera fram velluktande offergåver for Gud i himmelen og be om eit langt liv for kongen og sønene hans.
11Dette påbodet gjev eg òg: Kvar den som krenkjer denne føresegna, skal få ein bjelke riven ut or huset sitt; den skal han hengjast opp på og naglast fast til. Huset hans skal gjerast til ein skraphaug, fordi han bar seg såleis åt. Tempelvigsla
16Israelittane – prestane, levittane og alle dei andre som var komne heim att or fangenskapet – heldt då høgtid og vigde Guds hus med stor glede.
17I tempelvigsla ofra dei 100 oksar, 200 verar og 400 lam. Som syndoffer for heile Israel bar dei fram tolv bukkar, ein for kvar av dei tolv Israels-ættene.
19Den fjortande dagen i den fyrste månaden heldt dei heimkomne påskehelg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.