Salmane 49 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Menneskeleg herlegdom forgår

1Til korleiaren. Av Korah-songarane.

Ein salme.

2Høyr dette, alle folkeslag,

lyd etter, alle de som bur i verda,

3både høg og låg, rik og fattig!

4Min munn skal tala vise ord,

vituge er mine tankar.

5Eg bøyer mitt øyra til visdomsord

og løyser mi gåte til tonar frå lyra.

6Kvi skal eg ottast i vonde dagar

når eg på alle kantar

møter svikarars vondskap?

7Dei set si lit til sitt gods

og briskar seg av sin store rikdom.

8Ingen kan løysa ut sin bror

og gje Gud løysepengar for han,

9– det vart for dyrt å kjøpa han fri,

det må gjevast opp for alltid –

10så han kunne leva evig

og aldri gå i grav.

11Nei, han ser at jamvel vismenn må døy,

dårar og dumme går alle til grunne

og etterlèt sitt gods til andre.

12Grava vert deira heim for evig,

deira bustad frå ætt til ætt,

endå dei samla seg åker og eng.

13Med all sin herlegdom

kan mennesket ikkje leva for alltid;

liksom dyra må det døy.

14Så går det med dei som lit på seg sjølve,

det vert slutten for alle

som er nøgde med sine eigne ord. Sela

15Som ein saueflokk fer dei til dødsriket,

døden er deira hyrding.

Dei ærlege skal rå over dei

når morgonen renn.

Deira skapnad går i oppløysing,

i dødsriket skal dei ha sin bustad.

16Men Gud vil fria meg ut

or helheims vald,

for han vil ta meg til seg. Sela

17Ver ikkje redd om ein mann vert rik,

om velstanden aukar i hans hus!

18For når han døyr, får han ingenting med,

rikdomen fylgjer han ikkje i grava.

19Han kan prisa seg lukkeleg her i livet:

«Folk rosar deg, for du gjer det godt.»

20Likevel går han til sine fedrar

og får aldri meir sjå ljoset.

21Med all sin herlegdom

skjønar mennesket ingen ting;

liksom dyra må det døy.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help