1. Mosebok 26 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Isak og Rebekka i Gerar

1Så vart det uår og naud i landet, som det hadde vore ein gong før, medan Abraham levde. Då fór Isak til Abimelek, filistarkongen i Gerar.

21Sidan grov dei ein annan brunn. Men då det vart strid om den òg, kalla Isak han Sitna.

22Han flytte bort derifrå og grov endå ein brunn. Den vart det ingen strid om. Difor kalla Isak han Rehobot og sa: «No har Herren gjort det romsleg for oss, så vi kan verta mange i landet.»Pakta med Abimelek i Be'er-Sjeba

23Frå Rehobot fór Isak til Be'er-Sjeba.

24Same natta synte Herren seg for han og sa:

«Eg er Gud åt Abraham, far din.

Ver ikkje redd, for eg er med deg!

Eg vil velsigna deg

og gjera ætta di stor

for Abraham, min tenar, skuld.»

25Så bygde Isak eit altar der og kalla på Herrens namn. Han sette opp teltet sitt, og trælane hans grov ein brunn.

26Abimelek kom til han frå Gerar saman med Akussat, venen sin, og Pikol, hærføraren sin.

34Då Esau var førti år gamal, gifte han seg med Judit, dotter til hetitten Be'eri, og med Basmat, dotter til hetitten Elon. 24,3+; 36,2

35Dei vart ei hjartesorg for Isak og Rebekka.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help