Esekiel 41 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Tempelbygningen

1Mannen førte meg inn i tempelhalla, og han mælte veggpilarane der; dei var seks alner tjukke på kvar kant.

2Døropninga var ti alner brei, og veggene på begge sider var fem alner. Han mælte tempelhalla, som var førti alner lang og tjue alner brei.

3Så gjekk han til det inste romet og mælte pilarane attmed døra; dei var to alner. Sjølve døra var seks alner og veggene på begge sider sju alner.

4Han mælte romet framfor halla, som var tjue alner langt og tjue alner breitt. Og han sa til meg: «Dette er Det høgheilage.»

5Så mælte han tempelveggen, som var seks alner tjukk. Tilbygget med små rom som låg rundt heile templet, var fire alner breitt.

6Det var i alt tretti siderom, det eine over det andre i tre høgder. I tempelveggen var det nokre framspring til støtte for bjelkane i sideroma ikring. Ingen bjelke gjekk inn i sjølve veggen.

7Ein brei gang gjekk opp til sideroma. Rundt ikring templet, på alle kantar og heilt opp, var det rom. Difor hadde det ein brei gang som førte oppover, så ein kunne koma frå den nedste høgda til den øvste gjennom den mellomste.

8Eg såg at rundt ikring templet låg bakken høgare; dette stykket var grunnvoll under sideroma og nådde ei heil mælestong, seks alner, ut til sida.

9Ytreveggen i sideroma var fem alner tjukk. Mellom sideroma ved templet

10og dei andre roma var det ein open plass, tjue alner brei; han gjekk rundt heile templet.

11Sideroma hadde dører ut mot den opne plassen, ei dør mot nord og ei mot sør. Muren kring plassen var fem alner tjukk.

12Bygningen som vende mot den avstengde plassen på vestsida, var sytti alner brei. Veggen i bygningen var fem alner tjukk heilt rundt og nitti alner lang.

13Så mælte han templet; det var hundre alner langt. Den avstengde plassen med bygningen og murane i bygningen var òg hundre alner lang.

14Framsida på templet og plassen, mot aust, var hundre alner brei.

15Han mælte bygningen som låg ut mot den avstengde plassen, på baksida. Saman med gangvegane på begge sider var han hundre alner.

Korleis templet var inni

Tempelhalla, det inste romet, og forhalla ut mot føregarden

16var bordkledde. Gittervindaugo og murskråninga kring dei var bordkledde på tre kantar over murkransen. Og på veggene var det panel frå golvet opp til vindaugo

17og over døropninga. Både inne i templet og utanfor, rundt ikring på alle veggene inne og ute, var det felt med

18utskorne bilete av kjerubar og palmer, ei palme mellom to kjerubar. Kvar kjerub hadde to andlet.

23Tempelhalla hadde ei dobbeltdør,

24og Det høgheilage hadde òg ei dobbeltdør. Dørene hadde to dørvenger, som kunne svingast; kvar dør hadde to dørvenger. 1 Kong 6,31–35

25På tempeldørene var det bilete av kjerubar og palmer, like eins som på veggene. På utsida av forhalla var det eit skjermtak av tre.

26På sideveggene i forhalla var det gittervindaugo med palmer på begge sider. Så var det i sideroma utanfor templet og skjermtaket òg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help