1Jakob kalla sønene sine til seg og sa: Kom saman, så vil eg forkynna dykk kva som skal henda dykk langt fram i tidene:
2Kom saman og høyr, de Jakobs søner,
høyr på Israel, far dykkar!
3Ruben, min eldste son er du,
mi kraft og den fyrste frukt av min manndom;
høgst i vørdnad, størst i velde.
4Du brusar over som vatnet,
men du skal ingen føremon ha.
For du steig opp i senga åt far din,
då vanæra du henne – du låg på mi lege.
5Simeon og Levi er brør.
Valdsvåpen er deira sverd.
6Eg vil ikkje møta i deira råd,
vil ikkje vera med i deira samkomer.
For i sinne slo dei menner i hel,
og sjølvrådig skamskar dei oksar.
7Forbanna vere ein harme så strid,
eit sinne så veldig som deira!
Eg vil sprengja dei sund i Jakob
og spreia dei ut over Israel.
8Juda, deg prisar brørne dine;
handa di tek fiendane i nakken,
sønene åt far din bøyer seg for deg.
9Ein løveunge er Juda!
Frå rov er du komen heim, son min.
Han legg seg ned og strekkjer seg som ei løve,
som ei løvemor – kven vågar å vekkja han?
10Ikkje skal kongespir vika frå Juda
eller styrarstaven frå føtene hans,
til den rette kongen kjem,
han som folka skal lyda.
11Han bind sitt esel i vintreet,
sin fole i den edle ranka.
Han vaskar sin klednad i vin,
sin kjortel i drueblod.
12Hans augo er mørkare enn vin,
hans tenner kvitare enn mjølk.
13Sebulon bur utmed havsens kyst,
utmed stranda der skutene landar,
med ryggen vend mot Sidon.
14Jissakar er eit sterkbygt esel
som ligg mellom kløvkorgene.
15Han såg at det var godt å kvila,
og at landet var fagert.
Då bøygde han nakken under børa
og vart ein ufri træl.
16Dan skal døma sitt folk,
han som dei andre Israels-ættene.
17Dan skal vera ein orm på vegen,
ein hoggorm attmed stigen;
han høgg hesten i hælane,
så ryttaren ryk på ryggen.
18– Eg ventar på di frelse, Herre.
19Røvarflokkar ryk på Gad,
men han driv dei på flòg.
20Feit er føda hans Asjer,
han set fram kongelege retter.
21Naftali er ei hind som spring fritt;
han talar fagre ord.
22Josef er eit ungt frukttre,
eit ungt frukttre attmed kjelda;
greinene kliv opp etter muren.
23Bogeskyttarane eggja han,
dei skaut og sette etter han.
24Men bogen hans er fast og sterk,
leduge er hans armar og hender.
Han får hjelp av Jakobs Veldige,
av han som er hyrdingen, Israels Berg,
25av Gud åt far din – han hjelpe deg,
Gud Den Allmektige – han signe deg
med signing frå himmelen der oppe,
med signing frå havdjupet der nede,
med signing frå bryst og morsliv.
26Velsigningane åt far din er rikare
enn velsigningane frå dei eldgamle fjell,
enn herlegdomen åt dei evige høgder.
Lat dei koma over Josefs hovud,
over krona på han
som er hovding mellom sine brør.
27Benjamin er ein rovhuga ulv.
Om morgonen et han ran,
om kvelden skifter han hærfang.
28Dette var alle Israels-ættene, tolv i talet. Og dette sa far deira til dei då han velsigna dei. Kvar av dei fekk si eiga velsigning.
Jakob døyr og vert gravlagd29Så sa Jakob til sønene sine: «No fer eg til folket mitt. Gravlegg meg då hjå fedrane mine i hola på jordet åt hetitten Efron. 23,16ff+
30Det er den hola som er på Makpela-jordet, austanfor Mamre i Kanaan, det jordstykket som Abraham kjøpte av hetitten Efron til eigande gravstad.
31Der gravla dei Abraham og Sara, kona hans; der gravla dei Isak og Rebekka, kona hans; og der gravla eg Lea. 23,19; 25,9; 35,29
32Både jordet og hola der var kjøpte av hetittane.»
33Då Jakob hadde gjeve desse føresegnene til sønene sine, drog han føtene opp i senga. Så anda han ut og fór til folket sitt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.