2. Samuelsbok 10 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Krig med ammonittane og aramearane

1Ei tid etter bar det så til at kongen i Ammon døydde, og Hanun, son hans, vart konge etter han.

4Då greip Hanun mennene til David. Han raka av dei halve skjegget, skar av dei halve klednaden heilt opp til baken og sende dei så frå seg.

5Då David fekk vita kor stygt mennene hans hadde vorte vanæra, sende han folk som skulle møta dei og seia frå kongen: «Hald dykk i Jeriko til skjegget dykkar har vakse ut att. Så kan de koma heim.»

6Ammonittane skjøna at dei hadde gjort David hatig på seg. Dei sende ut folk og leigde tjue tusen mann fotfolk av aramearane i Bet-Rehob og Soba, tusen mann av kongen i Ma'aka og tolv tusen mann frå Tob.

17Då David fekk melding om det, samla han heile Israel, sette over Jordan og drog til Helam. Aramearane fylka seg mot David og gjekk til strid mot han.

18Men aramearane laut røma for israelittane, og David drap mannskapet på sju hundre av stridsvognene deira og felte førti tusen mann. Sjobak, hærføraren, fekk òg sin bane der.

19Då alle lydkongane åt Hadadeser såg at dei hadde tapt for israelittane, gjorde dei fred med dei og gav seg under Israel. Sidan torde ikkje aramearane hjelpa ammonittane meir.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help