1Då det var avgjort at vi skulle sigla til Italia, gav dei Paulus og nokre andre fangar over til ein offiser som heitte Julius og var i Den keisarlege hæravdelinga.
2Vi gjekk om bord i eit skip frå Adramyttium, som skulle til hamnene i Asia, og la så ut. Saman med oss var makedonaren Aristark frå Tessalonika.
10og sa: «Godt folk, eg ser at det er vågsamt å fara lenger, og at vi kan koma til å missa ikkje berre skip og last, men livet med.»
27Då vi hadde drive ikring på Adriahavet i fjorten dagar, fekk sjømennene landkjenning midt på natta.
28Dei lodda og fann tjue famnar. Litt lenger inne lodda dei att og fann femten famnar.
29Då vart dei redde vi kunne støyta på eit skjer; difor kasta dei fire anker ut frå bakstamnen og ynskte berre at det måtte dagast.
30Sjømennene freista å røma frå skipet. Dei sette skipsbåten på vatnet, medan dei gjorde som om dei ville setja anker frå baugen.
31Men Paulus sa til offiseren og soldatane: «Vert ikkje desse mennene verande om bord, så kan ikkje de bergast.»
32Då kappa soldatane toga som heldt båten, og lét han driva av.
33Medan dei venta på at det skulle dagast, rådde Paulus alle til å få seg mat. Han sa: «I fjorten dagar har de no gått fastande og venta og har ikkje fått noko i livet.
34Difor rår eg dykk til å eta; det må til, skal de verta berga. Ingen av dykk skal missa så mykje som eit hår på hovudet.»
35Med så sagt tok han eit brød, takka Gud medan alle høyrde på, braut det og tok til å eta.
36No fekk alle nytt mot, og dei tok til seg mat.
37Vi var i alt 276 menneske om bord.
38Då dei hadde ete seg mette, letta dei skipet med å hiva kornlasta i sjøen.
Forliset39Då det vart dag, kjende dei ikkje att landet. Men dei fekk auga på ei vik med flat strand, og der ville dei freista å setja skipet på grunn.
40Dei kappa ankera og lét dei gå i sjøen, og samstundes løyste dei surringane på rora, sette framseglet opp og heldt inn mot land med vinden.
41Men best det var, dreiv dei inn mot ein sandbanke med djupt vatn på begge sider, og der rende dei skipet på grunn. Framstamnen bora seg djupt ned og vart ståande heilt fast, medan bakskipet etter kvart vart sundslege av bårebrotet.
42No ville soldatane drepa fangane, så ingen av dei skulle få symja bort og røma.
43Men offiseren ville berga Paulus og hindra dei i planen. Han gav påbod om at dei som kunne symja, skulle kasta seg uti fyrst og koma seg i land.
44Så skulle dei andre koma etter, nokre på plankar og andre på vrakrestar. På den måten kom alle velberga i land.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.