1Du skal laga eit altar til å brenna røykjelse på. Av akasietre skal du laga det. Tempelskatten
11Herren sa til Moses:
12Når du held manntal over israelittane, skal alle som vert talde, gje Herren løysepengar for livet sitt, så det ikkje kjem ulukke over dei fordi dei vert talde. 37,29; 40,9ff
24og 500 sekel kassia, alt etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, og så ein hin olivenolje.
25Av dette skal du laga ein heilag salvingsolje, ein kryddesalve, så som salveblandarane gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera.
26Med den skal du salva møteteltet, paktkista,
27bordet med alt som høyrer til, ljosestaken med det som høyrer til, røykjelsesaltaret,
28brennofferaltaret med alt som høyrer til, og vaskekaret med fotstykket det står på.
29Du skal vigsla dei, så dei vert høgheilage. Kvar den som kjem nær dei, vert heilag.
30Og Aron og sønene hans skal du salva og via til å gjera presteteneste for meg.
31Og du skal seia til israelittane: Dette skal vera min heilage salvingsolje hjå dykk i ætt etter ætt.
32Han må ikkje koma på kroppen åt noko anna menneske, og de må ikkje laga annan salve som er såleis blanda. Heilag er han, og heilag skal han vera for dykk.
33Den som lagar maken til denne kryddesalven eller brukar han på ein som ikkje er vigd, skal rydjast ut or folket sitt.
34Herren sa til Moses: Ta det du treng til røykjelse: balsam, myrraolje, harpiks som luktar sterkt, og rein virak. Det skal vera like mykje av kvart.
35Av det skal du laga ein krydda røykjelse, så som salveblandarane gjer det, salta og rein, til heilag bruk.
36Noko av det skal du knusa smått og leggja framfor lova i møteteltet, der eg vil møtast med deg. Høgheilagt skal det vera for dykk. 25,22+
37Røykjelse som er såleis blanda som denne, må de ikkje laga til dykk sjølve; vigsla til Herren skal han vera.
38Den som lagar slik røykjelse til å anga på, han skal rydjast ut or folket sitt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.