Salmane 24 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Gjer døra høg!

1Ein Davids-salme.

Jorda og det som fyller henne,

verda og dei som bur der,

alt høyrer Herren til.

2For han har grunnlagt henne på hav,

grunnfest henne på strøymande vatn.

3«Kven kan stiga opp til Herrens fjell,

kven får stå på hans heilage stad?»

4«Den som har skuldfrie hender

og eit reint hjarta,

den som ikkje fer med svik

og ikkje gjer rang eid,

5han får velsigning frå Herren

og rettferd frå Gud, sin frelsar.»

6«Her er det folk som spør etter Herren,

som søkjer ditt åsyn, Jakobs Gud.» Sela

7«Lyft dykkar hovud, de portar,

ja, lyft dykk, de eldgamle dører,

så kongen, den herlege, kan dra inn!»

8«Kven er kongen, den herlege?»

«Det er Herren, sterk og mektig,

Herren, den sterke i strid.»

9«Lyft dykkar hovud, de portar,

ja, lyft dykk, de eldgamle dører,

så kongen, den herlege, kan dra inn!»

10«Kven er kongen, den herlege?»

«Det er Herren, Allhærs Gud.

Han er kongen, den herlege.» Sela

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help