Esekiel 28 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Domsord over fyrsten i Tyrus

1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2Menneske, sei til fyrsten i Tyrus:

Så seier Herren Gud:

Hovmodig er ditt hjarta

når du seier: «Eg er ein gud

og sit på eit gudesete uti havet.»

Du er berre eit menneske og ikkje ein gud,

likevel kjenner du deg som ein gud.

3Sjå, du er visare enn Daniel,

ingen løyndom er duld for deg.

4Med visdom og vit har du vunne deg rikdom;

i dine skattkammer har du samla gull og sølv.

5Med din store klokskap i handel

auka du din rikdom;

men rikdomen gjorde deg hovmodig.

6Difor seier Herren Gud:

Fordi du kjenner deg som ein gud,

7sjå, difor sender eg mot deg

framande folkeslag som ikkje tek omsyn.

Trass i din storslegne visdom

dreg dei sverdet mot deg

og vanhelgar deg i din strålande glans.

8Dei støyter deg ned i grava;

midt uti havet skal du døy

lik folk som vert slegne i hel.

9Vil du då seia at du er ein gud,

andlet til andlet med dine drapsmenn?

Du er ingen gud, men berre eit menneske

i hendene på dine banemenn.

10Som dei uomskorne skal du døy

for handa åt framande.

For eg har tala, seier Herren Gud.

Klagesong over kongen i Tyrus

11Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

12Menneske, set i med ein klagesong over kongen i Tyrus og sei til han:

Så seier Herren Gud:

Du var seglet på det fullkomne,

full av visdom og venleik.

13Du budde i Eden, Guds hage,

og var dekt med alle slag dyre steinar:

rubin, topas og diamant,

krysolitt, karneol og jade,

safir, turkis og smaragd.

Dine handtrommer og smykke

var innlagde med gull;

dei vart laga

den dagen du vart fødd.

14Eg gjorde deg til ein strålande, vernande kjerub.

Du var på det heilage gudefjellet,

og gjekk ikring mellom glitrande steinar.

15Frå den dagen du vart fødd,

var du heil i di ferd,

til dess det vart funne urett hjå deg.

16Din store handel førte med seg

at du vart fylt av vald og tok til å synda.

Då dreiv eg deg bort frå gudefjellet

og gjorde ende på deg,

du vernande kjerub,

mellom dei glitrande steinane.

17Din venleik gjorde deg hovmodig,

og fordi du var så strålande,

øydde du din visdom.

Då kasta eg deg til jorda

og gav deg over til kongar,

så dei kunne sjå på deg med lyst.

18Med all di skuld og din urett i handel

vanhelga du dine heilagdomar.

Så sende eg eld imot deg,

og han gjorde ende på deg.

Eg lét deg verta til oske på jorda

for augo på alle som såg deg.

19Alle som kjende deg ute mellom folka,

fælte då dei såg deg.

Du har vorte til skrekk og gru,

og borte er du for alltid. Profetord til Sidon

20Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

21Menneske, vend deg mot Sidon, tal profetord mot byen

22og sei:

Så seier Herren Gud:

Sjå, no kjem eg mot deg, Sidon;

eg vil visa mi guddomsmakt på deg.

Folket skal sanna at eg er Herren,

når eg held dom over byen

og der viser kor heilag eg er.

23Eg sender pest over byen

og lèt blodet renna i gatene.

Menn vert drepne, dei fell for sverd

som vert rette mot byen frå alle kantar.

Då skal dei sanna at eg er Herren.

24Israelittane skal ikkje lenger plagast

av taggar som stikk og klunger som svir,

av grannefolk som vanvørder dei.

Dei skal sanna at eg er Herren.

25Så seier Herren Gud: Når eg samlar israelittane frå folka dei er spreidde imellom, vil eg midt imellom dei, for augo på folkeslaga, visa kor heilag eg er. Dei skal få bu i sitt land, det som eg gav Jakob, tenaren min.

26Ja, der skal dei bu trygt, byggja hus og planta vingardar. Dei skal bu trygt, medan eg held dom over alle grannefolka som vanvørder dei. Då skal dei sanna at eg er Herren deira Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help