1Ordtøke av Salomo.
Ein klok son er til glede for far sin,
men ein uvitug son er mor si til sorg.
2Gagnlause er skattar vunne med urett,
men rettferd bergar frå døden.
3Herren lèt ikkje den rettferdige svelta,
men seier nei når dei gudlause krev.
4Fattig vert den som er lat i sitt arbeid,
men strevsam hand gjer rik.
5Klok er den som samlar i hus om sommaren,
skam får den som søv i skurdonna.
6Over hovudet på den rettferdige
kjem velsigning frå Herren,
men munnen åt gudlause løyner vald.
7Velsigna er minnet om den rettferdige,
men namnet åt dei gudlause rotnar bort.
8Klok er den som tek boda til seg,
men den som fer med dumt snakk, fell.
9Trygt går den som er heil i si ferd,
men den som går krokvegar, vert gripen.
10Den som blunkar listig med auga, valdar skade,
den som fer med dumt snakk, fell.
11Rettferdig manns munn er ei kjelde til liv,
men munnen åt gudlause løyner vald.
12Hat vekkjer strid og trette,
men kjærleik løyner alle brot.
13På vitug manns lipper er visdom å finna,
men stokken skal brukast på ryggen åt den tankelause.
14Dei vise samlar på kunnskap;
når dåren talar, er ulukka nær.
15Rikmanns gods er hans faste borg,
armod er ulukka for dei fattige.
16Det den rettvise tener, gjev liv,
det den gudlause vinn, fører til synd.
17Å akta på tukt er ein veg til liv,
den som vanvørder refsing, går seg bort.
18Den som løyner hat, har falske lipper,
ein dåre er den som fer med slarv.
19Den som talar mykje, syndar lett,
klok er den som tøymer tunga.
20Rettferdig manns tunge er som utvalt sølv,
det dei gudlause tenkjer, er ingenting verdt.
21Rettferdig manns lipper styrkjer mange,
men dårar døyr, for dei har ikkje vit.
22Det er Herrens velsigning som gjer rik,
eige strev legg ingenting til.
23Skamlaus gjerning er til lyst for dåren,
den vituge gleder seg over visdom.
24Det den gudlause reddast, kjem over han,
dei rettferdige får det dei lengtar etter.
25Når stormen fer fram, vert den gudlause borte,
rettvis mann har ein grunnvoll som varer.
26Som eddik for tennene og røyk for augo
er den late tenaren for sin herre.
27Age for Herren forlengjer livet,
men gudlause menn får færre år.
28Rettferdige menneske har glede i vente,
men vona kverv for dei gudlause.
29Herrens veg er eit vern for dei ærlege,
men ugjerningsmenn går til grunne der.
30Den rettferdige skal alltid stå støtt,
men dei gudlause får ikkje bu i landet.
31Rettferdig manns munn ber visdoms frukt,
men falske tunger skal skjerast av.
32Den rettferdige veit å velja høvande ord,
falskt er alt det dei gudlause seier.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.