Josva 16 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Efraim

1Den delen av landet som fall på Josefs-sønene, tok til bortmed Jordan-elva, der ho renn framom Jeriko. Grensa gjekk austanfor Jeriko-kjelda, gjennom øydemarka som frå Jeriko stig opp i fjellet til Betel.

3Der tok ho vestover til jafletittlandet, heldt fram til Nedre Bet-Horon og Geser og enda utmed havet.

4Dette landet var det Josefs-sønene, Manasse og Efraim, fekk til odel og eige.

5Såleis låg det til, det landet som Efraims-sønene og ættgreinene deira fekk: I aust gjekk landegrensa deira frammed Atrot-Adar, heldt fram til Øvre Bet-Horon

6og enda utmed havet. I nord gjekk grensa ved Mikmetat; så svinga ho austover til Ta'anat-Sjilo og heldt fram mot aust til Janoah.

7Frå Janoah gjekk ho ned til Atarot og Na'ara og beint framom Jeriko til Jordan.

8Frå Tappuah gjekk grensa vestover til Kana-bekken og enda utmed havet. Dette var den delen av landet som Efraims-sønene og ættgreinene deira fekk.

9Og attåt det fekk dei alle byane og landsbyane som vart utskilde åt dei i det landet som høyrde Manasse-sønene til.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help