Johannes 5 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Den sjuke ved Betesda

1Ei tid etter var det ei av høgtidene til jødane, og Jesus drog opp til Jerusalem.

2Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam, som dei på hebraisk kallar Betesda. Kring dammen er det fem bogegangar.

3Der låg det ei mengd sjuke: blinde, lame og vanføre. Dei venta på at vatnet skulle rørast opp.

4For ein Herrens engel fór frå tid til tid ned i dammen og rørte opp vatnet. Den fyrste som då steig nedi etter at vatnet var opprørt, vart frisk, kva sjukdom han så leid av.

5No var det ein mann der som hadde vore sjuk i trettiåtte år.

6Då Jesus såg han liggja der og visste at han hadde vore sjuk lenge, sa han til han: «Vil du verta frisk?»

7«Herre,» svara den sjuke, «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet vert opprørt; og medan eg er på vegen, stig ein annan uti føre meg.»

8Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!»

19Då tok Jesus til ords og sa til dei:

Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Sonen kan ingen ting gjera av seg sjølv, men berre det han ser Faderen gjer. Det Faderen gjer, det gjer Sonen like eins.

24Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som sende meg, han har evig liv og kjem ikkje for domen, men har gått over frå døden til livet. Vitnemål om Jesus

31Dersom eg vitnar om meg sjølv, gjeld ikkje vitnemålet mitt. 8,13

32Men det er ein annan som vitnar om meg, og eg veit at det vitnemålet han gjev meg, er sant.

33De sende bod til Johannes, og han vitna for sanninga. 1,19ff

34Eg tek ikkje imot vitnemål av menneske; men eg seier dette så de skal verta frelste.

35Johannes var eit ljos som brann og skein, og ei lita stund ville de gleda dykk i ljoset frå han.

36Men eg har eit vitnemål som er sterkare enn det Johannes gav: dei gjerningane Faderen har gjeve meg å fullføra. Dei gjerningane eg gjer, vitnar om at Faderen har sendt meg. 10,25.37f; 14,11

37Ja, Faderen som sende meg, har sjølv vitna om meg. Hans røyst har de aldri høyrt, og hans skapnad har de aldri sett, 8,18; 1 Joh 4,12

38og hans ord bur ikkje i hjarta dykkar, for den han sende, han trur de ikkje.

39De granskar skriftene, fordi de meiner at de har evig liv i dei; og dei er det som vitnar om meg! Luk 24,27+; Joh 1,45+

40Men de vil ikkje koma til meg så de kan ha liv.

41Eg tek ikkje imot ære av menneske;

42men eg kjenner dykk og veit at de ikkje har kjærleiken til Gud i dykk. 1 Joh 2,15; 3,17

43Eg er komen i namnet åt Far min, og de tek ikkje imot meg. Kjem det ein annan i sitt eige namn, han tek de imot.

44Korleis kan de tru, de som vil ha ære av kvarandre, og ikkje søkjer ære hjå den einaste Gud? 12,43

45Tru ikkje at eg vil klaga dykk for Faderen. Den som klagar dykk, er Moses, han som de har sett dykkar von til. 5 Mos 31,26

46For hadde de trutt Moses, hadde de trutt meg òg, for det er om meg han har skrive. Luk 16,31; 1 Mos 49,10; 5 Mos 18,15

47Men når de ikkje trur hans skrifter, korleis kan de då tru mine ord?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help