1Ver ikkje arg på vonde menn,
ha ikkje hug til å vera med dei!
2For dei tenkjer på å gjera vondt
og talar berre om ulukke.
3Med visdom byggjer ein hus,
med skjøn reiser ein det.
4Med godt skjøn vert roma fylte
av alle slag dyre og fine ting.
5Den vise mannen har styrke,
den kunnige aukar si makt.
6Med klok leiing kan du føra krig;
når mange gjev gode råd, vinn du siger.
7Visdom heng høgt for dåren,
i rådet opnar han ikkje sin munn.
8Den som legg vonde planar,
vert kalla ein renkesmed.
9Det dåren finn på, er synd,
og spottaren er ein styggedom for folk.
10Misser du motet på trengselsdagen,
då har du liten styrke.
11Berga dei som dei hentar til døden,
hald att dei som skjelvande går til rettarstaden.
12Om du seier: «Vi visste det ikkje»,
skjønar han det likevel,
han som prøver hjarto.
Han som vaktar deg, veit det
og løner kvar mann etter hans gjerning.
13Et honning, son min, for den er god,
den fine honningen er søt for din gane.
14Og vit at så er det òg med visdom for sjela.
Finn du den, så har du ei framtid,
di von er ikkje ute.
15Ligg ikkje og lur, du gudlause,
på rettferdig manns bustad,
og legg ikkje heimen hans i øyde!
16Sju gonger kan den rettferdige falla
og reisa seg att,
men dei gudlause stuper når ulukka kjem.
17Gled deg ikkje når din fiende fell,
fegnast ikkje når han stuper.
18Elles vil Herren sjå det med mishag
og venda vreiden sin frå han.
19Harmast ikkje på dei som gjer vondt,
og misunn ikkje dei gudlause!
20For dei vonde har inga framtid,
lampa åt dei gudlause sloknar.
21Ha age for Herren og for kongen, son!
Slå ikkje lag med opprørarar,
22for brått er ulukka over dei.
Kven veit når øydelegging kjem frå dei begge?
Rett vitnemål og dom23Desse ordtøka er òg av vismenn.
Det er ille når ein domar gjer skil på folk.
24Seier nokon til ein skuldig: «Du har rett»,
så vil menneske forbanna han
og folkeslag ynskja vondt over han.
25Men dei som dømer rett, går det vel,
lukke og velsigning kjem over dei.
26Å gje greie svar
er som å gje kyss på lippa.
27Fullfør arbeidet ute,
gjer deg ferdig på åkeren,
så kan du byggja deg hus.
28Ver ikkje utan grunn
vitne mot nesten din!
Du vil vel ikkje svika med lippene dine?
29Sei ikkje: «Som han har gjort med meg,
så vil eg gjera med han;
eg vil løna mannen etter hans gjerning.» Latskap og fattigdom
30Eg gjekk framom ein lat manns mark,
langs vingarden åt ein tankelaus mann.
31Sjå, der var det fullt av nesler,
grunnen var overgrodd med ugras,
og steingarden kringom var nedriven.
32Eg såg det og beit meg merke i det,
eg tok lærdom av dette synet.
33«Lat meg sova litt til, ein ørliten blund,
leggja hendene saman og kvila ei stund!»
34Då kjem fattigdomen som ein farande fant
og nauda som ein tiggar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.