1Dette er dei syner som Jesaja, son til Amos, fekk om Juda og Jerusalem i den tida då Ussia, Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda. Klage over Israels fråfall
2Høyr, du himmel, lyd etter, du jord!
For Herren talar:
Born har eg ale og fostra,
men dei har sett seg opp mot meg.
3Ein okse kjenner sin eigarmann,
og eit esel krubba åt herren sin.
Men Israel kjenner ingen ting,
mitt folk er utan skjøn. Ve det syndige folket!
4Ve det syndige folket,
det skuldtyngde folket,
ætlingar av illgjerdsmenn,
søner som ber seg ille åt!
Dei har gått bort frå Herren,
vanvørdt Israels Heilage
og snutt ryggen til han.
5Kvi vil de ha endå meir slag,
sidan de atter og atter fell frå?
Kvart hovud er sårt,
og kvart hjarta er sjukt.
6Frå hovud til hæl er ingenting heilt,
berre flengjer og flerrer og nyhogne sår,
som ikkje er reinsa og fetla
og ikkje bløytte med olje.
7Landet er ei øydemark,
byane er brende,
og framande et opp jorda
beint framfor augo på dykk.
Alt ligg i øyde,
som når framande har herja.
8Berre Sions dotter er att
som ei lauvhytte i ein vingard,
som eit vaktarskjol på ei agurkmark,
som ein kringsett by.
9Hadde ikkje Herren, Allhærs Gud,
late nokre av oss sleppa unna,
då var vi som Sodoma,
vi såg ut som Gomorra. Ikkje gagnlause offer, men lydnad
10Høyr Herrens ord,
de Sodoma-hovdingar!
Lyd etter vår Guds lov,
du Gomorra-folk!
11Kva skal eg med alle dykkar slaktoffer? seier Herren.
Eg er mett av brennoffer av verar
og av feitt frå gjøkalvar.
Og blod av oksar og lam og bukkar
har eg ikkje hug på.
12Når de kjem fram for mitt åsyn,
kven krev då av dykk
at de skal trakka ned mine tempelgardar?
13Kom ikkje meir med gagnlause gåver!
Offerrøyken er ein styggedom for meg.
Nymåne og sabbat, lysing til stemner –
eg toler ikkje vondskap og høgtid saman.
14Eg hatar dykkar nymånedagar og høgtider.
Dei har vorte meg ei bør,
som eg er trøytt av å bera.
15Når de breier ut hendene,
gøymer eg augo mine for dykk.
Kor mykje de bed,
så høyrer eg ikkje.
Hendene dykkar er fulle av blod.
16Vaska dykk, reinsa dykk!
Få dykkar vonde gjerningar
bort frå augo mine!
Hald opp med å gjera det som vondt er!
17Lær å gjera godt,
legg vinn på det som rett er!
Vis valdsmannen den vegen han skal gå,
hjelp den farlause til hans rett,
ta dykk av enkjers sak! Guds tilbod om nåde
18Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren.
Om syndene dykkar er som purpur,
skal dei verta kvite som snø;
om dei er raude som skarlak,
skal dei verta kvite som ull.
19Er de viljuge og lyder,
skal de få eta det gode i landet.
20Men er de uviljuge og trassige,
skal de verta oppetne av sverd.
Dette er ordet frå Herrens munn. Jerusalem skal dømast og reinsast
21Å, at den trufaste byen
skulle verta ei skjøkje!
Full av rett var han,
rettferd budde der inne,
men no – mordarar!
22Sølvet ditt har vorte til slagg,
vinen din er blanda med vatn.
23Dine styresmenn er opprørarar,
dei held lag med tjuvar.
Alle elskar dei muter
og jagar etter gåver.
Den farlause hjelper dei ikkje til hans rett,
og enkjers sak tek dei seg ikkje av.
24Difor seier Herren, Allhærs Gud,
Israels Veldige:
Ve, eg vil sløkkja harmen min
på mine motstandarar
og hemna meg på mine fiendar!
25Eg vil venda mi hand imot deg,
reinsa ut ditt slagg som med lut
og skilja ut alt ditt bly.
26Så vil eg atter gje deg domarar
som dei du hadde før,
og rådgjevarar som i den fyrste tid.
Sidan skal du kallast
Rettferdsby og Truskapsstad.
27Ved rett skal Sion løysast ut,
ved rettferd dei som vender om.
28Men brotsmenn og syndarar skal knusast,
dei som vender seg frå Herren,
skal gå til grunne.
29Ja, de skal få skam av eikene
som de har slik hugnad i,
og vanære av dei heilage lundane
som de held så gjæve.
30De skal verta som ei eik med vise lauv
og som ein hage utan vatn.
31Den sterke skal verta til stry
og hans verk til ein gneiste;
begge skal brenna,
og ingen sløkkjer.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.