1Ei bøn av gudsmannen Moses.
Herre, du har vore ein bustad
for oss frå ætt til ætt.
2Før fjella vart fødde,
før jorda og verda vart til,
ja, frå æve til æve er du, Gud.
3Du lèt mennesket verta til støv att
og seier: «Vend tilbake, de menneskeborn!»
4For tusen år er i dine augo
som dagen i går då han fór framom,
eller som ei nattevakt.
5Du riv menneska bort,
dei er som ein svevn.
Om morgonen er dei som groande graset:
6Om morgonen gror det og blømer,
om kvelden er det vise og turt.
7Vi går til grunne ved din vreide,
redsle grip oss ved din harme.
8Våre misgjerningar har du for auga,
vår løynde synd vert synleg
i ljoset frå ditt åsyn.
9Alle våre dagar fer fram i din vreide,
åra går som ein pust.
10Vår levetid er sytti år,
og åtti år, når styrken er stor.
Deira herlegdom er strev og møde;
snart er det slutt, vi flyr av stad.
11Kven kjenner styrken i din vreide,
kven ottast deg, så han skjønar din harme?
12Lær oss å telja våre dagar,
så vi kan få visdom i hjarta!
13Kom attende, Herre! Kor lenge?
Ha medynk med dine tenarar!
14Metta oss med miskunn når morgonen renn,
så vi kan gleda og fagna oss alle våre dagar.
15Gled oss så lenge som du har audmykt oss,
like mange år som vi har lide vondt.
16Lat dine tenarar få sjå di gjerning,
og vis din herlegdom for deira born!
17Gjev Herrens velvilje må vera over oss!
Gjev du må fremja våre henders verk,
ja, fremja våre henders verk!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.