1Stig ned og set deg i molda,
Babels dotter, du unge møy!
Set deg på jorda, utan kongsstol,
du kaldeardotter!
For du skal ikkje lenger kallast
den fine og bortskjemde møy.
2Ta kverna fram og mal!
Legg sløret bort, lyft slepet opp,
så foten vert berr,
og du kan vassa over elvar.
3Dei skal kle av deg
og sjå deg naken.
Eg tek hemn og sparer ingen,
4seier vår utløysar.
Herren, Allhærs Gud, er hans namn.
Israels Heilage er han.
5Set deg stilt,
og gå inn i mørkret,
du kaldeardotter!
For du skal ikkje lenger kallast
dronning over kongerike.
6Eg var harm på mitt folk
og førte vanære over mitt arveland.
Eg gav dei i dine hender,
og du hadde ikkje medkjensle med dei.
Jamvel på gamle folk
la du ditt tunge åk.
7Du sa: «Eg skal for alltid vera dronning!»
Du la deg ikkje dette på hjarta
og tenkte ikkje på endelykta.
8Så høyr då dette, du nytesjuke,
som sit så trygg
og tenkjer med deg sjølv:
«Eg og ingen annan!
Eg skal ikkje sitja enkje
og aldri leva barnlaus.»
9Men begge desse ulukkene
skal koma over deg,
brått, på ein einaste dag.
Barnløyse og enkjestand
kjem på deg i fullaste mål
trass i all di svartekunst
og dine sterke trolldomsord.
10Du kjende deg trygg i din vondskap og sa:
«Det er ingen som ser meg.»
Din visdom og kunnskap førte deg vilt,
så du tenkte med deg:
«Eg og ingen annan!»
11Så skal du då råkast av noko vondt
som du ikkje kan mana bort.
Ei ulukke skal henda deg,
og den kan du ikkje hindra med soning.
Brått kjem det over deg,
eit stormver du ikkje venta.
12Kom no med dine trolldomsord
og all di svartekunst,
som du har drive med frå din ungdom!
Kanskje kunne du finna hjelp,
kanskje skræma ulukka bort!
13Du har streva med mange planar.
Lat dei stiga fram og hjelpa deg,
dei som granskar himmelen
og kikkar på stjernene,
dei som månad etter månad
varslar det som skal henda deg.
14Men sjå, dei vert som halm;
elden brenner dei opp.
Dei kan ikkje berga livet
frå den sterke logen.
Det er ikkje glør til å verma seg med,
ikkje bål til å sitja framfor.
15Så går det dine trollmenn,
som du har trøytta deg ut med
frå du var ung.
Dei vinglar kvar sin veg;
det finst ingen som hjelper deg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.