1I det ellevte året, den fyrste dagen i den tredje månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
2Menneske, tal til farao, kongen i Egypt, og til folkehopen der:
Kven liknar du i din stordom?
3Sjå på Assyria!
Det var som ein seder på Libanon,
med fagre greiner, høg av vokster,
som ein skuggefull skog.
Krona rakk opp mellom skyene.
4Vatnet fekk sederen til å veksa,
vatnet i djupet gjorde han høg.
Det hadde sine årer
rundt staden der han var planta,
og rann i bekker til alle tre på marka.
5Difor vart sederen høgare
enn alle andre tre på marka.
Greinene vart mange og kvistene lange,
fordi han fekk rikeleg med vatn
og breidde seg utover.
6Alle slag fuglar under himmelen
bygde seg reir i greinene på sederen;
alle dyr på marka
fødde sine ungar under lauvverket hans;
og i skuggen av treet
heldt mange folkeslag til.
7Sederen vart stor og fager
med sine lange greiner;
for røtene nådde så langt ned
at dei fekk rikeleg med vatn.
8Ingen seder i Guds hage
kunne mæla seg med han;
ingen sypress hadde slike greiner
og ingen platan så rikt lauvverk.
Det fanst ikkje eit tre i Guds hage
som var så fagert som han.
9Så fager hadde eg gjort han
med ein rikdom av greiner
at alle Eden-tre i Guds hage
vart avundsjuke på han.
10Difor seier Herren Gud: Fordi sederen vart så høg av vokster at han tøygde krona si opp mellom skyene, og fordi han vart stolt av sin stordom,
15Så seier Herren Gud: Den dagen sederen fór til dødsriket, lét eg havdjupet syrgja over han. Eg dekte det til og stogga straumane der; mengder av vatn vart haldne att. Eg kledde Libanon i svart for sederen skuld, og alle tre på marka turka bort av sorg over han. 32,18
17Dei òg laut fara til dødsriket saman med sederen, ned til dei som var falne for sverd. Og dei som heldt til i skuggen av treet, vart strøydde ut mellom folkeslaga.
18Kven er du då lik mellom trea i Eden i herlegdom og høgd? Saman med Eden-trea skal du støytast ned til dødsriket. Der skal du liggja mellom uomskorne, mellom dei som er drepne med sverd. Så går det med farao og heile hans hop, lyder ordet frå Herren Gud.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.