Salmane 4 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kveldssong

1Til korleiaren. Med strengespel.

Ein Davids-salme.

2Når eg ropar, så svar meg,

du Gud som er mi rettferd.

I nauda fann du utveg for meg.

Ver meg nådig, og høyr mi bøn!

3De menneske, kor lenge

skal mi ære krenkjast?

Kor lenge vil de elska fåfengd

og jaga etter lygn og svik? Sela

4Vit at Herren gjer under

for den som er trufast mot han.

Herren høyrer når eg ropar til han.

5Skjelv av redsle og synda ikkje meir,

tenk dykk om på lega, og ver stille!

6Ber fram dei rette offer,

og set dykkar lit til Herren!

7Det er mange som seier:

«Gjev vi fekk oppleva lukke!

Lat ljoset frå ditt åsyn

skina over oss, Herre!»

8Du gjev meg større glede i hjarta

enn dei andre har

når dei får korn og vin i mengd.

9I fred vil eg leggja meg ned og sova.

For du, Herre, einast du

lèt meg kvila trygt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help